Det er vel mest slike som Donald som ikkje går med på dette, men han er vel no forhåpentlegvis sett på vent inntil vidare. Det er mange sakkunnige som står inne for at vi kan forvente oss ei drastisk utvikling i tida som kjem, dersom vi ikkje gjer noko med utsleppa våre. Regjeringa har varsla drastiske kutt i utsleppa våre innan komande tiår. M.a. må bruken av fossilt drivstoff kraftig ned, noko som vel må bety at dieseldrivne køyretøy må nesten ut av drift. Dette må bety at det innan få år må kjøpast inn styggdyre elbilar med dei «skavankane» desse har når det gjeld reparasjon og gjenvinning. Tyngre køyretøy, som t.d. lastebilar og traktorar, vil sannsynlegvis bli for dyre i innkjøp med el-drift.

Energibehovet vårt er stadig aukande. Vi byggjer fritidsbustader i aukande grad, og desse skal haldast oppvarma med sine kanskje to bad – året rundt, anten dei blir brukt eller ikkje. Skiheisar skal drivast, og kjem det ikkje snø, så må den produserast. Vi har fått unyttige elsyklar, snøskuterar på el-drift er i anmarsj, og vi har skaffa oss el-tannbørstar (på tide), og desse skal ladast. Det same gjeld for PC-ar, mobiltelefonar og allverdas duppedittar som treng lading. Det siste som er på trappene er løypemaskiner på el-drift.

Og Ikkje å forgløyme, opplading av elbilar. Det nyttar ikkje berre med eit fint ladeskåp dersom det ikkje er tilførsel av straum på baksida. Linenettet treng opprusting, om det ikkje skal gå varmt. Drift av tyngre køyretøy som lastebilar, og ikkje å forgløyme traktorar. Desse må høgst sannsynleg drivast på hydrogen, som så må produserast med elkraft – sjølv om hydrogen også kan produserast med basis i olje. Energi til oppvarming må framleis kunne skje ved bruk av ved, men då må vi få til mindre utslepp frå forbrenning. Dessutan har vi ei stadig aukande avfallsmengde, og ikkje minst plast, som burde kunne forbrennast utan større utslepp, om ein finn ei reinsemetode for røyken og utsleppa. Det er C-en i CO₂ som vi skulle ha kvitta oss med.

Det er vel ingen tvil om at energibehovet for rein energi vil auke formidabelt, og då er spørsmålet om korleis vi kan skaffa oss meir rein energi. Vi har då alternativa energisparing, solceller, vindkraft og vasskraft, og ved til oppvarming, når vi då ser bort frå atomkraft. Eit populært standpunkt er at vi må energiøkonomisere, og dette høyrest fint ut, men den beste drivkrafta her er prisen på energien, og når det gjeld elkraft, så treng vi neppe bekymre oss for anna ei at den vil stige. Solceller er ein fornuftig måte å skaffa seg energi på, men den kan neppe skaffa oss dei store mengdene med energi, og produksjonen er nokså avhengig av sollys.

Vindkraft høyrest bra ut, men starten på slike prosjekt her til lands synest å ha vore under all kritikk. Er det slik at forhandling med vindkraftspekulantar har vorte overlate til kommunar med til dels manglande kompetanse. Resultatet synest å vera at spekulantane har sikra seg rettar, unngår skatt ved å etablere seg på Bahamas, unngår heimfall (attendeføring til staten), og att sit kommunen med skjemmande utsikt og vindmøller det er problem med å rive, når så langt lir. Kor har staten vore, med NVE, Dep. og statsråd? Nei, vinden «er vår», og den må ikkje skuslast bort til spekulantar.

Vasskraft er og må bli vår hovudleverandør av energi. Vi har fossefall og magasin som til dels er uutnytta. Vasskrafta og fossefalla er og må bli verande vår nasjonaleigedom! Fyrst må eksisterande kraftverk rustast opp til maks produksjon, og til dette trengst det kapital. Staten må gjeva avkall på elavgifta og redusere skattlegginga av kraftverk, men dette må gå til utbetring og ikkje til utbytte. Kommunane må kanskje også yte sitt ved å redusere inntektene frå kraftsektoren for ein periode. Dernest, og ikkje minst, så må vi byggje ut små og store fossefall, og for å skaffa meir vinterenergi må vi tillate oss å laga nye magasin, slik at vi tek vare på den energien som no går uutnytta og til dels fører til flaumskade. Lokalt i Ø. Slidre hadde vi nyleg ei pressgruppe som vann fram med nei til utbygging av Vida. Dette er tankegang som var for 30 år sidan. Resultatet er at Vinda om våren kanskje fløymer over med opp mot 40 kubikkmeter/sek, til ingen nytte. Vi har lokalt fjellvatn som utan større skade kan regulerast for å taka vare på vassføringa. Kven vil merke noko som helst om t.d. Øyangen blir regulert opp/ned 1,5 meter? Vi har tidlegare hatt planar om Volbu kraftverk, Storefoss er uutnytta og likeins Nedrefoss. Lengre nede ligg Høvsfossen, der det tidlegare var aktivitet. Magasina må sjølvsagt byggjast ut med fornuft og etter utrekna behov for «kar» store nok til å samla forventa nedbør, og nedbør vil vi kanskje få meir av. Det må sjølvsagt vera ei minstevassføring og tersklar, og kven er det som ser eller lengre tenkjer over at Volbufjorden er regulert tre meter – ein ned og to opp?

Det er ikkje vanskeleg å spå at prisen på rein vasskraft vil stige, til glede for kraftspekulantane. Vi fekk på 1990-talet ei ny energilov, og med den skulle alt bli så liberalt at kven som helst kunne kjøpe og selja elkraft. Har dette gjeve som resultat at ein spekulant kan sitja t.d. i Lørenskog med ein PC og eit skrivebord og kjøpe av vår nasjonalkraft og selja den med t.d. ei forteneste på 2 øre pr. kWh, eller opp mot 10 øre, og dermed bli millionær? Er dette slik, så må energilova endrast slik at det berre er produsentar av kraft og eigar/drivar av Injenett kan få konsesjon til kjøp/sal av vasskraft. NVE, eller tilsvarande statlege organ, må få styringa på dette, slik at straumforbrukarane slepp å vera med på finansiering av luksusbustad i t.d. Holmenkollåsen. Ganske nyleg var det ein kraftspekulant som gjekk konkurs, og det er ikkje småbeløp, men millionar det dreier seg om.

Flaumfaren for framtida til Fagernes har nyleg vore tema med tanke på 200-årsflaum. Denne faren kan nær sagt eliminerast ved å skaffe seg tilstrekkeleg store magasin oppover båe dalføra. Desse magasina kan ved sida av å minske flaumfaren og nyttast til ny kraftproduksjon og vera flaumførebyggjande også vidare nedover vassdraget. Men dette krev at ein ikkje må vera «fisefin» og sjå på ein lavart som kanskje blir truga, men at vi har større trugsmål i vente, om vi ikkje gjer noko, men berre pratar om energi. Kva for politisk parti vil ta opp den viktige saka om vår energiforsyning, som vår nasjonale eigedom? Medrekna ligg endring av energilova slik at det blir nasjonal styring på vår nasjonale energiproduksjon, både når det gjeld vasskraft og vindkraft. Kjøp og sal av kraft bør skje ved konsesjon til produsentar og/eller eigarar av linenett. Så får spekulantane konsentrere seg om kjøp og sal av frukt og grønt.