Gå til sidens hovedinnhold

Klima i endring - kva gjer vi med det?

Artikkelen er over 2 år gammel

Onsdag 20. mars vert det temakveld om klima på Vang Folkebibliotek. På programmet står innleiarar frå miljøstiftelsen ZERO, Gjensidige og Hamar kommune, og ei panelsamtale med ordførarkandidatar og listetoppar i Vang kommune.

Vang: Korleis kan bra klimaleiing i både kommune, næringsliv og hjå private gjere regionen betre rusta til å takle utfordringane som klimaendringane gir oss? Dette er spørsmålet som vert reist under temakvelden. Initiativtakarar er Vinjerock og Vang Frivilligsentral.

Grønt skifte

Festivalsjef i Vinjerock, Julie Forchhammer, brenn for eit grønt skifte både i eiga bransje og i nærmiljøet. Ho meiner klimaendringane allereie er synlege i regionen:

– I 2015 måka me snø på Eidsbugarden for å rigge festivalen, medan me i 2018 opplevde rekordvarme med høg lyngbrannfare, seier Julie, og ser fram til ein inspirerande kveld der lokale klimatiltak kjem i fokus.

Berekraftsdirektør, ordførar og miljørådgjevar på talelista

Kvelden startar med tre innleiarar, som alle har god erfaring med klimaspørsmål i sitt daglege arbeid: Berekraftsdirektør i Gjensidige, Bente Sverdrup, sparkar i gang temakvelden. Klima og miljøkonsekvensane har allereie innverknad på oss og forsikringsbransjen med større skader frå storm, flaum, skred og tørke. Bente vil prate om korleis vi planlegg å møte desse nye utfordringane på best mogleg vis.

Rådgjevar i Miljøstiftelsen ZERO, Jenny Skagestad, vil med utgangspunkt i ZERO si sjekkliste for kommunale klimatiltak prate om korleis ein kan setje klimaarbeid i system i norske kommunar.

– Sjekklista inneheld ei eiga liste med konkrete tiltak som bør vere aktuelle fram mot neste kommuneval, seier Skagestad.

I Hamar kommune er dei godt i gang med å tenkje heilskapleg klimaplanlegging i den daglege drifta. Dei har mellom anna sett seg som mål at alle kommunale køyretøy skal vere elektriske innan 2021, og dei har utarbeida klimaregnskap og klimabudsjett. Ordførar i Hamar kommune, Einar Busterud, rundar av innleiingane med å fortelje om korleis Hamar jobbar med klimatiltaka.

Panelsamtale med ordførarkandidatane

Etter ei pause med kaffi og kringle, stiller haustens ordførarkandidatar/listetoppar til panelsamtale om temaet: Vidar Eltun (AP), Torstein Lerhol (SP), Erlend Eggen (MDG) og Leif Solemsli (Bygdelista). Samtala vert moderert av Gro Lundby. MDG og bygdelista presiserer at deira lister ikkje er nominert i skrivande stund, men Eggen og Solemsli stiller i alle fall høgt på listene.

– Me er spent på å høyre kva moglegheiter dei ser i kommunen og regionen vår, og gler oss til ein inspirerande og konstruktiv kveld. Velkomne skal de vere, alle saman! rundar festivalsjef Julie Forchhammer av.

Kommentarer til denne saken