Talet på førespurnader til Griug har auka kraftig det siste året. Frå å få inn mellom fem og ti førespurnader kvart år, kan det no koma opp mot ti førespurnader kvar veke. Solkraft har gått frå å vera eit lite bidrag til belysning på stølar og hytter til å bli hovudstraumskjelde for dei som investerer.

Den høge straumprisen har gjort at me byrjar å sjå oss om etter alternative straumkjelder. Med snittprisar på over 2 kroner per kWt for spottprisavtaler, og fleire og fleire straumselskap som sluttar med fastprisavtalar, kan det på sikt vera billegare å sørgje for si eiga straumforsyning.

I år har også Enova auka støtta til dei som vil produsere eigen straum. No kan ein få inn til 47 000 kroner i støtte om ein byggjer eit større solcelleanlegg heime. Ein av dei som har bygd ut solkraftanlegg, er Øyvind Magistad Berge i Vestre Slidre. 200 kvadratmeter med solcellepanel skal produsere 38 kilowatt. Og når anlegget blir kopla på straumnettet, kan det også gå mykje straum frå solkraftanlegget og ut til andre straumkundar. Berge har attpåtil funne ei løysing for korleis solcelleplatene kan monterast på skifertak, utan at dei øydelegg skiferen.

I fjor vart 2400 solcelleanlegg kopla på straumnettet, og det er venta at det blir minst like mange i år. I Innlandet vart over ein firedel av dei eksisterande solcelleanlegga installerte i fjor. Så stor er etterspurnaden, at mange må vente på å få levert og montert solcelleanlegg. Krigen i Ukraina gjer også at det blir forseinkingar i leveransane, sidan komponentar som blir brukt i panela blir produsert i Ukraina.

Solkraftbransjen hevda i 2020 at kraftproduksjon via solcellepanel kan stå for 20 prosent av straumproduksjonen i eit normalår. At det er mykje å hente, er openbert. Med dagens straumprisar kan investeringane vera spara inn i løpet av ti år, ifylgje solcellepanelprodusenten Otovo. Sjølv i ein vasskraftproduserande region som Valdres kan det dermed vera mykje å hente når det gjeld produksjon av solkraft.