Ko­ro­na­si­tua­sjo­nen: Sør-Aurdal ber pen­sjo­nis­tar om hjelp

Hjelp: Vil du bistå kommunen med helsefagleg hjelp under koronakrisa?

Hjelp: Vil du bistå kommunen med helsefagleg hjelp under koronakrisa? Foto:

Hel­se- og om­sorg i Sør-Aurdal kom­mu­ne er no på leit et­ter pen­sjo­nis­tar med hel­se­fag­leg bak­grunn.

DEL

Sør-Aurdal: Sør-Aurdal kom­mu­ne ber no om hjelp frå pen­sjo­nis­tar som kan tenkje seg å ta eit tak om ko­ro­na­si­tua­sjo­nen skul­le akselerere.

Re­gist­re­ring

– Vi ønskjer å re­gi­stre­re alle pensjonistar med hel­se­fag­leg bak­grunn som kan tenkje seg å assistere kom­mu­nen ved be­hov som følg­je av ko­ro­na­viru­set, mel­der kom­mu­nen på sine nett­si­der.

Både på grunn av sjuk­dom og ka­ran­te­ne kan frå­væ­ret in­nan­for hel­se- og om­sorgs­sek­to­ren bli høgt den næ­rma­ste tida, og det kan der­for bli be­hov for til­gang på flei­re vi­ka­rar enn vi har i dag.

Kon­su­lent in­nan hel­se- og om­sorg, Gerd Ma­rit Waa­gaard Ha­mar, for­tel at mel­din­ga vart lagt ut tors­dag. Fre­dag et­ter­mid­dag var det to pen­sjo­nis­tar som had­de meldt seg.

– Be­ho­vet er ik­kje der ak­ku­rat i dag. Ein sta­tus­run­de vi har gjen­nom­ført ty­der på at det ser bra ut på alle av­de­lin­gar, men det er vik­tig å ha ein plan om vi­rus­si­tua­sjo­nen skul­le es­ka­le­re, sei­er Ha­mar.

Ho for­tel at det ik­kje er på­vist at no­kon er smit­ta av ko­ro­na­viru­set i Sør-Aurdal hit­til.

Folk i ka­ran­te­ne

Men no­kre per­so­nar har vore i ka­ran­te­ne.

– Det gjeld folk som har vore i ut­lan­det. Blant des­se er det også folk som job­bar i hel­se- og om­sorg.

Sør-Aurdal har el­les ein bra res­surs med vi­ka­rar, blant anna stu­den­tar som tek ut­dan­ning in­nan hel­se- og om­sorg.

KLP: Jobb det du vil

Kom­mu­nen gjer el­les merk­sam på at folk som tek imot an­ten al­ders- el­ler av­ta­le­fes­ta pen­sjon frå KLP no kan job­be uavgrensa utan at dei vil få re­du­sert pen­sjo­nen sin. Den­ne mel­lom­bel­se end­rin­ga i lov­fø­re­seg­ne­ne er gjort for å sik­re til­gang på nok hel­se­per­so­nell fram­over

Artikkeltags