Innlendingen Lars Os har, som sikkert mange har fått med seg, fått køyrd dialektbruken sin i debattspalter og nyheitsartiklar den siste veka. Utgangspunktet for debatten er ei bok frå mangeårig journalist, korrespondent og nyheitsanker i NRK, Christian Borch. Han meiner det ikkje høyrer heime med dialektbruk i nasjonale nyheitssendingar, eller i reportasjar frå USA for den del, og kallar dialektbruken for ein "narssisistisk egotripp".

Les også

"Det er ein trend at valdresdialekta forsvinn hos dei yngste"

At det i dag skulle vera vanskeleg å forstå normert dialektbruk i reportasjar eller nyheitssendingar, høyrest noko pussig ut. I NRK har både Ingerid Stenvold frå Målselv og Eline Buvarp Aardal frå Namdalseid fått lov til å bruke dialekt når dei er nyheitsankre, utan at det ser ut til å ha svekka folks forståing for nyheitene. Dialektbruk er også vore normalen i lokalsendingane til NRK.

Det er positivt at det i større grad blir opna for at korrespondentar og nyheitsankre kan bruke dialekt, sjølvsagt med føresetnaden om at ord og uttrykk som er vanskeleg å forstå for mange, blir luka vekk. Høyrer me ikkje dialekter, vil me heller ikkje lære oss til å forstå dialekter.

TV2 har frå starten hatt ei anna haldning til dialektar - på godt og vondt for programleiarane sjølve. I fjor fortalde Camilla Botilsrud Sagen frå Grue om dialekthetsen ho får for å bruke solungdialekta i programmet God morgen Norge. For nokre år sidan fekk TV2 kritikk for at dei valde å berre tekste Leif-Einar «Lothepus» Lothe då han var med i Farmen Kjendis. Årsaka skulle visstnok vera austlendingar med manglande forståing av vestlandske dialektar. Men det kan strengt teke vera vanskeleg å forstå dårleg diksjonert talemål, også om personen talar bokmålsnært.

Valdres-dialekta har vore på vikande front i mange år. Ei undersøking avisa Valdres gjennomførde i 2019 synte at under halvparten av elevane i skulen sjølve rapporterte at dei brukte dialekt. Det er sjølvsagt mange årsakar til at det er slik, men liten toleranse for dialektbruk burde ikkje vera ein av desse. Ein skulle tru at me i dag ville vore meir tolerante for dialektbruk. Skrekkhistoriene om korleis folk måtte leggje om då ein flytta til Oslo på 1970-talet, håpar me er over for lengst.