FNs klimapanel kom nyleg med ein rapport om status for klimaendringane. Det er sju år sidan sist klimapanelet kom med ein tilsvarande rapport, og statusen har diverre ikkje endra seg for kloten. Generalsekretær António Guterres i FN karakteriserer rapporten som «kode raud» for menneska. «Alarmklokkene er øyredøyvande og bevisa uomtvistelege», sa Guterres i ein kommentar til rapporten, som 700 forskarar frå 90 land står bak.

Parisavtalen frå 2015, som har som mål at den globale temperaturen ikkje skal auke meir enn 1,5 gradar. Ifylgje scenarioa som klimapanelet har teke for seg, vil den globale oppvarminga bli høgare.

Konsekvensen har me sett over heile verda i sumar. Varmerekordar og nærmast usløkkelege skogbrannar i USA og Canada. Flaum i Tyskland og Belgia. Men også her i Valdres og i nærområdet vårt merkar me konsekvensane av klimaendringane. På Vestlandet har det vore ekstrem tørke, med langt mindre nedbør enn normalt. Lågare avlingar, elver som tørkar ut, tomme brønnar og auka straumprisar er mellom konsekvensane. I Valdres er endå ikkje vegane fullstendig reparerte etter det kraftige regnfallet tidlegare i august.

Då skulle ein tru at klimasaka ville vore høgare på agendaen også som del av distriktsdebattane i valkampen. Men klimasaka og klimaendringane i eit distriktsperspektiv ser knapt ut til å vera på agendaen. Og om den er det, handlar det om bensinprisen, kamp mot elbil eller «ja eller nei» til kjøtt. Eller debatten som ein sluttdato for oljeutvinninga, som strengt teke heller burde handla om overgang til bioøkonomi, og korleis regionar som t.d. Valdres, med store utmarks- og skogressursar, kan bidra.

Kven som skal kutte klimagassutsleppa sine, korleis det skal skje og når er framleis langt i det fjerne. Slik blir det kanskje når leiande politikarar ser ut til helst å diskutere kva klimatiltak dei ikkje vil ha. Og i mellomtida blir kloten stadig varmare.