VALDRESMAGASINET: Eit bilete frå Jerving gjekk også til topps i kåringa i haustutgåva av Valdresmagasinet i 2021.
Då hadde den aktive lærdølen teke bilete frå ein padletur med kajakk på Otrøvatnet på Filefjell, det også ein tidleg morgon.
Denne gongen er det eit vintermotiv som har fanga interessen til Jerving.

– Har dratt meg med på noen slike tidlige morgener
Kone frå Vang og hytte på Filefjell
«Som pensjonist, og likar å stå tidleg opp, var ein av dei første dagane i februar kald og fin. Starta skituren mot Sulebu i mørke med hovudlykt – kom til Sulebu akkurat i rett tid, då sola kom på turisthytta. Fantastisk!!», skriv han til Valdresmagasinet.
Den tidlegare postmannen har kone frå Vang og dei har også skaffa seg hytte på Filefjell der noko av utsynet er mot Otrøvatnet.
Lidenskap og hobby er å nytte kajakken så ofte det let seg gjera. Den er difor svært ofte med på biltaket når dei er på farten.
Nytt liv for gategalleriet i Gullsmedvegen, og slår et slag for en annen gruppe: – De er det mange av, også blant hyttefolket
Tursekk, bok og Flax-lodd i posten
Til den heldige vinnar av Månedens bilde vankar det ein tursekk, bokpremie og Flax-lodd. Biletet vil i tillegg bli montert opp i ein av biletmontrane i Gullsmedvegen på Fagernes.
Vi kårar Månedens bilete i samband med kvart nummer av Valdresmagasinet. Frist for innsending til neste utgåve er 10. mars 2023.
Kvar innsendar kan delta med eit bilete, og vi treng bileta høgoppløseleg og i breiddeformat. Bileta med litt forklaring sender du til [email protected]

Inger og Harald velger seg en litt kaldere safari: – Vi var så nær isbjørn at vi nesten kunne ta på den
Harald starta nyåret med et blinkskudd av de sjeldne fra verandaen: – Fant raskt fram kamera