Avlyste festivalar og konsertar, krav om avstand og færre publikumarar gjorde det utfordrande å drive med kultur og frivillig arbeid, uavhengig av om det var kommersielle aktørar eller lag og organisasjonar.

Valdres står no endeleg framfor ein fest av ein festivalsumar att. Det er tre år sidan sist me i fullt monn kan hyggje oss med Valdres Sommersymfoni, Vinjerock, Beitostølen Live, Jørn Hilme-stemnet osb. At kulturlivet no endeleg pulserer att, er noko av det beste dømet på at me har kome oss meir eller mindre i gjenge att etter koronapandemien.

Likevel melder arrangørane at dei i nokon grad har slite med å selje billettar på førehand. Usikkerheit knytt til om publikum er klare til å vende attende til konsertar og store folkesamlingar, har gjort at, til dømes, Beitostølen Live, som blir arrangert fredag og laurdag denne veka, arrangerer ein mindre festival enn før, og også inviterer berre norske artistar. Storheiter som Madrugada og Åge Aleksandersen står på festivalprogrammet, og bør under normale omstende kunne trekkje fulle hus.

Festivalarrangørane i Valdres melder også om at kostnadane til underleverandørane har auka. Auka straumprisar, drivstoffprisar osb. påverkar også kostnadsbiletet for kulturarrangørane. Mange arrangørar er også heilt avhengige av eit godt nettverk av frivillige som stiller opp for å få gjennomført festivalane til det beste for artistar og publikum. At det har vorte litt treigare å få tak i frivillige er vonleg forbigåande. Mange og langvarige nedstengingar har gjort at me har lagt oss til nye vanar. Mange av oss treng, kan hende, også å finne attende til den gode festivalstemninga frå før koronapandemien.

Mangfaldet av festivalar er eit gode for oss sum bur i Valdres, men trekkjer også mange tilreisande til Valdres, i tillegg til at arrangementa er gode tilbod for hyttefolket. Det er freistande å seia: «kom deg opp av sofaen, ut døra og på konsert». Eller som ordførar Knut Arne Fjelltun i Nord-Aurdal seier det: «Nå er tida inne for å være sosiale igjen, møtes der ting skjer og ha det hyggelig i lag med hverandre.»

Arrangørane er heilt avhengige av at publikum vender attende til konsertane, framsyningar og kinosalen. God festivalsumar!