Kom­mu­ne­over­le­ge Arild Jacobsen i Øyst­re Slidre med krys­tall­klar mel­ding til tu­ris­ta­ne: Hald dykk heime

Bli heime: Kommuneoverlegen i Øystre Slidre ber turistane om å bli heime.

Bli heime: Kommuneoverlegen i Øystre Slidre ber turistane om å bli heime. Foto:

Re­gje­rin­ga gjekk i et­ter­mid­dag ut og frå­rå­da folk sterkt om å unn­gå fri­tids­rei­ser.

DEL

Øystre Slidre: Kom­mu­ne­over­le­ge Arild Jacobsen i Øyst­re Slidre er heilt klar på at det­te rådet må følg­jast.

– Eg må sjølv­sagt stil­le meg bak det sent­ra­le myn­dig­hei­ter sei­er, er Jacobsens kom­men­tar.

Vil ik­kje ha smit­te

– Vi vil ik­kje ha tu­ris­tar hit no, dei får vera der dei høy­rer heime. Vi vil ha minst muleg smit­te i kom­mu­nen, sei­er Jacobsen.

Han for­tel at han var i møte tid­le­ga­re i dag, og at dei då gjekk inn for å hal­de seg til dei same for­holds­reg­la­ne som re­gje­rin­ga litt sei­na­re la fram.

Jacobsen trur at dei al­ler fles­te vil følg­je opp­mo­din­ga­ne frå re­gje­rin­ga. Han er li­ke­vel spent på kva som skjer til hel­ga.

– Til van­leg kjem det eit tog av bi­lar opp­over til Vald­res med folk som skal på hyt­te­ne sine i slut­ten av veka. I Vald­res har vi jo hyt­ter over alt, sei­er Jacobsen.

Folk vil lyt­te

Men han trur at ting et­ter kvart vil løy­se seg og at folk vil lyt­te til råda frå myn­dig­hei­te­ne.

– Folk høy­rer jo kva som blir sagt. Men det drei­er seg jo ik­kje om bestemmelser. Til sju­an­de og sist blir det opp til kvart en­kelt men­nes­ke å følg­je opp, sei­er Jacobsen.

Kontrabeskjeden kom timar etter at ordfører Odd Erik Holden sa at hytteturistane var velkomne på ein betingelse:

Hem­se­dal stenger av alt – Øyst­re Slidre ønskjer tu­ris­ta­ne vel­kom­ne der­som dei forheld seg til na­sjo­na­le reg­lar

Artikkeltags