Gå til sidens hovedinnhold

Komedie eller tragedie i Øystre Slidre?

Scenene som utspelar seg i Øystre Slidre kring utbyggjinga av Liahaugstølen er eit teater der det skjer like mykje på scenen som i kulissane.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Så kom saka om Framsyn Fritid si utbyggjing i Liahaugstølen på Beitostølen opp att på formannskapet i Øystre Slidre. I beste fall er det dårleg fingerspisskjensle å ta opp att saka berre tre månader etter at det same formannskapet vedtok å vente med godkjenning av Liahaugstølen til kommunedelplanen for området er klart. I verste fall blir det utøvd eit press på folkevalde til å godkjenne ei utbyggjing utan at kommunestyret ser Beitostølen-området i heilskap.

Saka om Liahaugstølen har utvikla seg til ein ufrivillig komedie. Den har alle ingrediensar: Mektige, lokale aktørar. Inhabile politikarar. Ein administrasjon på villspor. Misnøgde nabohytteeigarar som fryktar verdifall for eigne hytter. Og no sist påstand frå ein medlem i formannskapet om at varaordførar (forøvrig inhabil i saka fordi han er grunneigar i nærliggjande område) Arnfinn Beito bør etterforskast for uttalar til avisa Valdres om at han vil seia opp avtalen om skiløyper over eigedomen sin om ikkje hytteplanane blir stoppa.

Les også

Fungerande ordførar Arnfinn Beito (Sp) måtte tole hard kritikk etter avisoppslag. – Bør politietterforskast, uttala Gunnar Thue (H)

Det er ikkje mindre enn pinleg å vera vitne til. Øystre Slidre kommune burde bestemme seg for å koma til botns i kva som faktisk har skjedd i saka om utbyggjing av Liahaugstølen. Korleis eit hyttefelt regulert til 19 mål fyrst vart 33 mål i 2016, for så å auke ytterlegare til 67 mål. Kven som har lova kva til kven, og når.

Nokre gongar er det lov å stoppe opp og tenkje seg om. Ein kan gjerne hamne på same konklusjon, men når det blir så stor konflikt som det har vorte kring utbyggjinga på Liahaugstølen, er det eit godt døme på at det ikkje er jobba godt nok med saka, verken frå administrasjon eller politikarar.

Les også

Melder oppstart for Liahaugstølen på Beitostølen: – Viktig for oss at avgjersler blir teke på rett grunnlag, seier Oxhovd og Fosse

Eit døme på det kan hentast frå Regionalt planforum 25. november i fjor, der landbruk var tema. Der sa Øystre Slidre kommune sin representant at det er «uklart om det er beiterett i det aktuelle området» - sjølv om området strekte seg inn i LNF-område.

Kommunedelplanen for Beitostølen er 10 år gamal. Med den utbyggjingstakta me ser på Beitostølen, har planen gått ut på dato for lengst Det er ein uting at det stadig blir gjeve dispensasjonar frå kommunedelplanane, i staden for at administrasjon og kommunepolitikarar reviderer eksisterande planar på skikkeleg vis.

Slik blir hyttebyggjinga klattvis fordelt ut over eit større område enn fyrst tenkt frå administrasjon og politikarar si side – og utan at heilskapen blir granska og vurdert, og at konsekvensane er godt nok utgreidd. Konfliktnivået veks deretter.

Kommentarer til denne saken