Vaksineringsgraden mellom nordmenn er heldigvis høg. Til no er 88,1 prosent av alle over 18 år vaksinerte med to dosar. 92 prosent av befolkninga over 18 år har fått fyrste dose. Og neste 800 000 personar har fått 3. dose koronasmitte, ifylgje tala frå Folkehelseinstituttet onsdag.

At vaksinegraden er høg i Noreg er svært bra. Det er frivillig å vaksinere seg i Noreg. Når så mange vel å ta vaksine mot korona vitnar det om ei stor, kollektiv ansvarskjensle i det norske samfunnet. Ikkje minst påligg det helsepersonell eit særskilt ansvar å ta vaksine, sidan ein jobbar med personar som ofte treng ekstra omsyn, er avhengige av andre og som er i risikogruppa for å utvikle alvorleg sjukdom ved koronasmitte.

Ikkje alle kan vaksinere seg, om det er gode helsemessige årsakar til å la vera. Men det er likevel er det grunn til uro over helsepersonell som av andre årsakar enn medisinske takkar nei til vaksine mot korona.

I Valdres «håpar» kommunane at helsepersonell let seg vaksinere. Og mange har heldigvis teke koronavaksine, sjølv om ikkje alle kommunane ser ut til å ha nøyaktig oversikt over kor mange. I oktober sende Helsedirektoratet ut brev til kommunane med råd om kva tiltak som bør setjast inn for uvaksinert helsepersonell.

Eitt av tiltaka er omplassering for å forhindre at uvaksinert helsepersonell jobbar direkte med særleg utsette personar. Dette tiltaket melder derimot Valdres-kommunane om at er svært vanskeleg å gjennomføre. For mange oppgåver og for få tilsette gjer at det i praksis ikkje er mogleg å omplassere uvaksinert helsepersonell.

Då er det svært gode grunnar for dei andre Valdres-kommunane å sjå til Etnedal. Der er opplyser kommuneoverlege Tor Inge Kristianslund om at målretta arbeid over mange år har gjeve resultat: Hundre prosent av helsepersonell har takka ja til koronavaksine.