Kommunen er samd med Coop Øst om torg og parkering, men ikkje med grunneigar av vegen forbi Øystre Slidre helsetun

Øystre Slidre kommune har vorte samde med Coop Øst for å sikre tilfredsstillande torgløysing og p-plassar ved det nye helsetunet, men rådmannen har ikkje lukkast med å få til ei avtale med grunneigar av vegen for å få tilgang til bioenergianlegget og beredskapsveg. No vurderer rådmannen oreigningssak for å få ei løysing på saka. – Vi er i samtalar og har eit mål om å bli samde, seier rådmann Jostein Aanestad.