Kommunen vil grave bort myr for å lage Mørke næringsområde ved Beitostølen. Grunneigarane seier nei, men rådmannen innstiller på ja
Artikkelen er over 2 år gammel
Det foreslegne Mørke næringsområde ligg mellom Skammestein og Beitostølen 750 meter over havet. Deler av området er LNF-område, det vil seie landbruks-, natur- og friluftsområde – som då i utgangspunktet ikkje skal byggjast ut. Bjørn Kjensli i SV antek at 10–12 dekar av det 80 dekar store området er myr. Og myr er noko regjeringa klart har signalisert som viktig å ta vare på for å oppnå måla i klimaavtalen.