Hol: Berre kommunestyrerepresentanten frå KrF gjekk inn for at Hol skulle melde seg inn att i det lokale revisjonsselskapet. Med 20 mot 21 stemmer vart det vedteke at Hol kommune skal melde seg inn i Buskerud kommunerevisjon.
Til åtak på Hallingdølen
Også Senterpartiets Sigrid Simensen Ilsøy gjekk inn for utflagging. Ho gjekk i sitt innlegg til frontalåtak på redaktøren i Hallingdølen som på leiarplass hadde slått fast at dette betyr eit endeleg farvel til at Hallingdal og Valdres kan ha eit lokalt revisjonsselskap.
– Det er det ikkje, men Hol Senterparti meiner at tida ikkje er inne til å melde seg inn att no, sa Simensen Ilsøy. Ho grunngav utmeldinga med punkt knytt til den tidlegare daglege leiaren i Kommunerevisjon IKS, til uklare roller og manglande rolleforståing. Ho avviste påstanden frå redaktøren om at kritikken mot selskapet hadde vore ullen.
Til stor revisjon i Viken
Simensen Ilsøy meinte at den økonomiske revisjonen hadde vore god, men at forvaltningsrevisjonen ikkje hadde vore så god som han burde ha vore. Senterpartiet valde å gå for innmelding i Buskerud kommunerevisjon trass i at det ligg i korta at Buskerud kjem til å slå seg saman med Follo i eit nytt, stort revisjonskontor for Viken.
– Dette vil flytte tyngdepunktet vekk frå Hol, men for oss er kvaliteten på tenestene viktigast, sa Sp-representanten.
Jon Andreas Kolderup (H) viste til at forvaltningsrevisjonen ikkje har vore god nok.
– Og kanskje blir vi ein utkant i revisjonsarbeidet her oppe, sa Kolderup. Han håpa at ein også kunne få litt faste tenester oppe i Hallingdal når fleire kommunar og kommunane i Numedal blir med i Buskerud kommunerevisjon.
Men Simensen Ilsøy avviste at det var noko håp for dette.
– Eit Viken revisjonsselskap vil nok verken få eit kontor på Flesberg eller Geilo. Kompetansen vil sitja på Hønefoss, sa Sp-representanten.
Sikrar god revisjon
– Det er gjort eit kommunalt vedtak i Hol, og vi tek det til etterretning, sjølv om vi ikkje set pris på vedtaket som er gjort. Vi skal klare å oppretthalde ein truverdig og god kommunerevisjon i vårt revisjonsselskap, seier styreleiar i Kommunerevisjon IKS, Finn Hesselberg.