Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
«Likvidasjonsstyret for inndratte jødiske formuer» vart oppretta 20. november 1942, berre seks dagar før 532 norske jødar vart skipa ut av landet med Donau. Stoppestad: Auschwitz. Likvidasjonsstyret vart oppretta som ein konsekvens av «Lov av 26. oktober 1942 om inndragning av formue som tilhører jøder», som kom i tilknyting til arrestasjonen av alle jødiske menn mellom 15 og 65 år i Noreg. Den nye loven gjorde det lovleg å inndra formue og eigedom som høyrde til jødar i Noreg.

Nektes innsyn i kundeforhold: – Jeg tror ikke banken er tjent med en slik beslutning
I Vang vart Hans Salomon arrestert. Han unngjekk å bli sendt til Auschwitz fordi faren var dansk, og det lukkast å få han ut av Berg interneringsleir slik at han kunne flykte til Sverige. Forfattar og etnedøl Ingeborg Solbrekken jobbar for tida med ei bok om Salomon-familien, med namnet «Jøden og jorden». I arbeidet med boka har Solbrekken prøvd å finne ut kva som skjedde med Salomon sin bankkonto i Vang Sparebank.

Det dreier seg ikke om uvilje, men hva banken faktisk har anledning til
To nyleg utkomne bøker, «Hvor ble det av alt sammen? Plyndringen av jødene i Norge» av Berit Reisel og «Likvidasjonen. Historien om holocaust i Norge og jakten på jødenes eiendom» av Synne Correll, tek opp kva som skjedde med jødisk eigedom i Noreg. Bøkene fortel om overlevande etter Holocaust som sleit med å få tilgang til familiens formuer frå før konfiskeringa, om den omfattande organiseringa av utryddinga av jødane, og om kor vanskeleg det har vore å få erstatning for tapt formue.
Mener det er besynderlig at banken argumenterer med hensynet til taushetsplikt og kundeforhold: – Alle er tjent med full åpenhet
Dåverande lensmann i Vang hadde ansvaret for å effektuere inndraginga av jødisk formue i Vang, og var i tillegg rekneskapsførar for banken. Bankkontoen til Salomon vart konfiskert i 1942. Ifylgje Solbrekken, som har fått samtykke frå livsarvingar til å få innsyn i kva som skjedde med kontoen. Solbrekken seier det skal ha bli teke ut «en god sum, etter dagens pengeverdi». No ynskjer Solbrekken og arvingane å kaste lys over kva som skjedde med kontoen og pengane som stod på den.
Har banken gjort opp for seg? Er det ein tredjepart som har berika seg på inndratt jødisk formue? Saka har mange uavklara spørsmål i seg. Det ynskjer ikkje Valdres Sparebank (tidl. Vang Sparebank) å bidra til å kaste lys over. Banksjef Arnfinn Helge Kvam syner til teieplikt om kundetilhøva og at banken vil bryte loven om ein gir innsyn. Som Correll seier til avisa Valdres: «Man tok ikke slike hensyn under krigen».

– Dette er umusikalsk så det holder. Banken bør snarest mulig utvise åpenhet.
Konfiskering av jødisk formue var ein del av Holocaust. Når planen uansett var å utrydde jødane, trong dei heller ikkje formuane sine. Valdres Sparebank seier dei lever av tillit. Banken si handteringa av kva som skjedde har til no vore svært lite tillitskapande.