Nytt tilbod på Kongevegen over Filefjell

Kongevegbussen går frå Lærdalsøyri til Tyinkrysset.

Kongevegbussen går frå Lærdalsøyri til Tyinkrysset. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Måndag 24. juli starta eit nytt tibod for dei vandrane på Kongevegen over Filefjell.

DEL

«Kongevegbussen» starta med morgenrute fra Lærdalsøyri til Tyinkrysset måndag 24. juli .

Bussen køyrer E16 opp til Sjurhaugsfossen, så gamle E16 opp til Borgund stavkyrkje. Vidare gamle E16 til Borlaug og nye E16 forbi Maristova med stopp på busstoppen aust for Maristova både på tur og retur.

Bussen korresponderer med Valdresekspressen frå Tyinkrysset kl 10:05 til Vang.

Bussruta er ikkje på Kringom eller andre nettstader for rutebussar. Bussruta er sett opp for å betre tilbodet til Kongeveg-vandrere og andre som treng transport.

Operatør er Solheim taxi i samarbeid med Kongevegen over Filefjell SA.

 Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, var sjåfør på den første turen med Kongevegbussen.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, var sjåfør på den første turen med Kongevegbussen. Foto:

Artikkeltags