Vandring på Kongeveg

Etnedal Turlag: Linda Mæhlum Robøle var turleiar laurdag på Kongevegen opp frå Bruflat.Døtrene Maia (til venstre) og Synne var også med. Anne Marit Eide og Torodd Lybeck gjekkheilt opp til Breiesleiren.

Etnedal Turlag: Linda Mæhlum Robøle var turleiar laurdag på Kongevegen opp frå Bruflat.Døtrene Maia (til venstre) og Synne var også med. Anne Marit Eide og Torodd Lybeck gjekkheilt opp til Breiesleiren.

Av

Laurdag bad Etnedal Turlag inn til vandring på Kongevegen, som startar ovanfor Bruflat og går bratt oppover. Eitt mål kan vera Breiesleiren, og to i følgjet gjekk heilt dit.

DEL

Etnedal: Hausttur er flott. Linda Mæhlum Robøle var turleiar, og seier at hausten er fantastisk fin å bruke til turar i naturen. Vegetasjonen er meir beskjeden no, og det gjev mykje betre utsyn.

– Det er nesten så ein kan høyre hesteprusting og lyden av høver som stampar seg oppover den lauvkledde bakken, seier ho – som hadde med seg døtrene på turen.

Langs Kongevegen er det mange synlege restar frå svunnen tid. Dette var hovudvegen mellom Oslo og Bergen. Namnet tilseier ikkje noko om at det var kongar som vart frakta over åsen nokon gong. Men det var kongeleg kapital og forordning som gjorde at vegen vart laga.

Stigen er godt merka, og det er ein fin tur som er sterkt å anbefale. Men bratt er det oppover – og endå brattare ned att – med stigning på 450 høgdemeter.

Artikkeltags