Kongevegen lanserar eige turkart

KONGEVEGEN TURKART: Dagleg leiar Odd Helge Brugrand i Kongevegbedrifter Filefjell SA og salskonsulent Heldin Haljak i Print Best med det rykande ferske Kongevegen Turkart som no blir lansert frå Kongevegen over Filefjell.

KONGEVEGEN TURKART: Dagleg leiar Odd Helge Brugrand i Kongevegbedrifter Filefjell SA og salskonsulent Heldin Haljak i Print Best med det rykande ferske Kongevegen Turkart som no blir lansert frå Kongevegen over Filefjell.

Kongevegen turkart viser kvar turvegen Kongevegen over Filefjell går mellom Vang og Lærdal, samstundes om det viser kor du finn toalett, parkering og kva type underlag vegen har.

DEL

-Eit eige turkart over turvegen Kongevegen har vore etterspurt ei stund. Felles innsats i bedriftsnettverket gjer at vi no kan lansere vårt eige turkart. Det er å få kjøpt hjå dei fleste kongevegbedriftene, turistinformasjonar og butikkar langs Kongevegen over Filefjell, seier dagleg leiar og prosjektleiar Odd Helge Brugrand i Kongevegen over Filefjell i ein pressemelding.

Kartet har målestokk 1:50 000 og er laga som tradisjonelle turkart etter grunnlag i Norsk Kartverk. Men kartet konsentrerar seg om kongeveg-ruta og fasilitetar rundt vegen. Formatet er A6 når kartet er bretta saman, og er tenkt som høveleg lommestorleik når du vandrar.

Kongevegen er 10 mil

Turvegen Kongevegen går frå Neset i Vang til Løytnantsbryggja på gamle Lærdalsøyri, men følger av ulike grunnar ikkje alltid historisk kongevegrute. Turvegen Kongevegen går også innom fylkesvegar og naturstiar.

-Og dette kartet viser nøyaktig kvar Turvegen Kongevegen går. Saman med skiltinga langs vegen gjev dette kartet god sørvis til dei mange vandrarane på Kongevegen over Filefjell, seier Brugrand.

Kartet er laga av Magne Grihamar på Filefjellstuene. Og viser i tillegg til vandreruta, parkering og doar, også andre vegar i området.

-Kartet er ei førsteutgåve. Vi vil lytte til tilbakemeldingane frå vandrarane for å sjå om noko kan gjerast enda betre til andreutgåva, seier kongevegsjefen.

Sjeldan kart

Det fins knapt eit turkart, eller eit eige kart for den del, over Lærdal, Filefjell og Vang. Sidan skiljet mellom Austlandet og Vestlandet går på Filefjell, stoggar mange kart på fylkesgrensa. Enten viser dei Vestlandet med Lærdal, eller så viser dei Austlandet med Vang, og stoggar ofte med det.

-Kongevegen Turkart fyller difor fleire behov i marknaden, meiner Brugrand, og er glad for at kartet no er ute.

Artikkeltags