Vekst for kongevegsbedriftene i 2018

I 2017 vann Kongevegen over Filefjell EUs mest prestisjefylte kulturminnepris, Europa Nostra
Award, i klassen bevaring. I 2014 vann vegen «Vakre vegars pris».

I 2017 vann Kongevegen over Filefjell EUs mest prestisjefylte kulturminnepris, Europa Nostra Award, i klassen bevaring. I 2014 vann vegen «Vakre vegars pris». Foto:

Av

Også i 2018 har bedriftene langs Kongevegen over Filefjell hatt sterk auke i tal besøkande. Den historiske køyrevegen som i dag er etablert som turveg mellom Vang og Lærdalsøyri trekk stadig fleire turistar.

DEL

Norge: Veksten hjå dei ulike bedriftene er mellom 10 og 25 prosent i høve den sterke sesongen i fjor.

– Filefjellstuene har hatt 25 prosent auke på alt som gjelder kongevegen. I tillegg kjem folk som har booka hytte og organisert tur på kongevegen sjølv, sier dagleg leiar Jolanta Akelaitiene ved Tyin/Filefjellstuene.

Hjå Smak av Sogn landhandel på gamle Lærdalsøyri merkar dei også at mange går eller syklar kongevegen.

– Me har auke på 15-20 prosent i høve i fjor. Kongevegen byrjar å bli innarbeida, og me legg merke til at folk er veldig nøgde med opplevinga når dei kjem ned til Lærdalsøyri. Det gjev oss energi til å halde fram, seier styreleiar Helene Maristuen i Smak av Sogn landhandel.

Veret er viktig

Både Akelaitiene og Maristuen peikar på det varme veret i sommar som ein viktig faktor for auken langs kongevegen. September månad med dårleg ver, har til dømes bydd på avbestillingar hjå Filefjellstuene.

– Vi merkar også at det kjem utlendingar no. Vi har hatt folk frå USA, Spania og Tyskland som kom hit på grunn av kongevegen og som hadde organisert turen sin sjølv, seier Akelaitiene. På Maristova har dei 10 prosent fleire overnattingar og omsetning enn rekordåret i fjor.

– Det er ein del kongevegstrafikk. Men også ein del som kjem for å oppleve Norge og oppdagar kongevegen og blir verande. Jakobsstigen eller kongevegsbruene over Oddedøla her på Maristova byr inn til meiroppleving, seier Knut H. Maristuen i Maristuen Fjellferie. Sørre Hemsing i Vang har ifølge innehavar Berit Nefstad også hatt auke i omsetninga, men færre overnattingar. Den gamle lensmannsgarden Kvam har hatt sterk auke, til tross for at garden berre var open i juli. På Bøflaten camping i Vang har sommaren bydd på opp mot 20 prosent auke.

– Sesongen har vore bra. Veret har vore fint og vi har investert i auka kapasitet, seier dagleg leiar Joar Rye.

Samvirke

Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell er eit samvirke mellom verksemdene som ligg langs Kongevegen over Filefjell mellom Vang i Valdres og Lærdalsøyri i Lærdal. Kongevegen over Filefjell stod ferdig i 1793 som den første køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet. Etter eit større restaureringsprosjekt opna kongevegen som turveg mellom Vang og Lærdalsøyri i 2016. Turvegen Kongevegen er delt opp i 12 delstrekningar og 4 rundturar. I 2017 vann Kongevegen over Filefjell EUs mest prestisjefylte kulturminnepris, Europa Nostra Award, i klassen bevaring. I 2014 vann vegen «Vakre vegars pris».

Artikkeltags