Gå til sidens hovedinnhold

Konsert på Frydenlund sundag

Artikkelen er over 3 år gammel

"Den handskrivne songsamlinga" er tittelen på konserten på Frydenlund i Aurdal sundag kveld.

Aurdal: Gunnlaug Lien Myhr, Camilla Granlien og Ingvild Lie har arbeidd med melodimaterialet etter folketonesamlaren og komponisten Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887). På konserten får vi òg høyre folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne fortelje om songsamlinga etter Gudbrand G. Skattebumoen (1804–1880), ei av våre eldste handskriftsamlingar.

200 år gamal handskriftsamling

Om samlinga etter Skattebumoen i Øystre Slidre finst ei 200 år gamal handskriftsamling etter songaren Gudbrand G. Skattebumoen (1804–1880). Her står tekstane til dei songane som folketonesamlaren Ludvig Mathias Lindeman (1812–1888) skreiv melodiane til i 1840-åra.

I 2016 startar språkforskar Børge Nordbø og museumsfolk arbeidet med digitalisering og transkribering av det unike materialet.

I konserten på Frydenlund får vi høyre om arbeidet med den unike samlinga, og vi får høyre songarane Ingvild Lie, Camilla Granlien og Gunnlaug Lien Myhr som gir oss døme på songmateriale frå Valdres, Gudbrandsdalen og Hallingdal.

Lyfte fram folkesongtradisjonen

Om musikarane Gunnlaug Lien Myhr, Camilla Granlien og Ingvild Lie er tre av våre fremste vokale songarar og dei har alle arbeidd med det eldste nedskrive songmateriellet i Noreg. I 2015 gav Gunnlaug Lien Myhr ut livsverket sitt, «Folkesong i Hallingdal», med innsamling av 600 lokale folketonar frå Hallingdal. Gunnlaug leita i arkiv og besøkte kjelder der songen hatt gått i gløymselen.

Til avisa Hallingdølen sa Gunnlaug dette om motivasjonen for å gje ut boka:

– Motivasjonen min har vore å lyfta fram folkesongtradisjonen i Hallingdal, og å gjera den lettare tilgjengeleg. Då eg starta som kvedar i tenåra var det mykje enklare å læra seg ein felelått og å dansa springar enn å læra seg ein folkesong. Det er difor viktig for meg å få kunnskapen om songmaterialet ut til lokalmiljøet, slik at det ikkje berre ligg støva ned i arkiva, sa Gunnlaug Lien Myhr.

Om konsertserien

  • Stiftinga Frydenlund skipar i 2018 til ein konsertserie under tittelen «Musikk i nasjonalismens århundre»
  • Det er musikk på 1800-talet og i møte med ulike kulturimpulsar som står i sentrum for konsertane
  • Serien blir til med støtte frå Norsk kulturråd, Nord-Aurdal kommune og Valdresmusea

Kommentarer til denne saken