Tove Bøygard til Vang med hyllest til småbrukaren

Tysdag 7. mai kommer det storfint besøk til Vang folkebibliotek. Tove Bøygard tek turen frå Ål i Hallingdal, og med seg har ho ei rekke låter som har fått anmeldarane til å trille seksarar på terningen i hopetal.

DEL

Tove Bøygard er kjent for si særeigne stemme og sine sterke melodiar og tekstar på hallingdialekt. Ho har gitt ut seks album med eige materiale, som alle har hausta ovasjonar frå ei samla musikkpresse. Hennar nyaste album 'Jord' hausta lovord som «Kanskje det flotteste som er fremført på halling noen gang» (Bluesnews). Aftenposten var ein av mange som gav terningkast seks, og konstaterte at Bøygard er «en formidabel artist, tekstforfatter og låtskriver». Dagsavisen kvitterte med «Kunne vært Springsteen på sitt beste og mest klartenkte», og Dagbladet beskreiv henne som «En god miks av Emmylou Harris, Lucinda Williams og Patti Smith».

Oddbjørn Skeie er primus motor for arrangementet, og han gler seg stort til konserten: - Tove har mange sterke tekstar som mange kan kjenne seg att i, og eg trur dette vil passe veldig fint som ein intimkonsert på biblioteket.

Vaks opp på småbruk

Bøygard vaks opp på eit lite småbruk i Votndalen i Ål i Hallingdal, og allereie som 8-åring skreiv ho si første vise på mor sin gamle gitar. Ho har eit samfunnsengasjement som kjem tydeleg fram i tekstane, og mange av historiene er inspirert av hennar erfaring som tidlegare politikar, gamal Blitzer, og frå 18 år i arbeid med stoffmisbrukarar og prostituerte på gata i Oslo. Og frå livet i heimbygda.

– Jeg har et bankende hjerte for de tause sliterne. For de som bygget landet, gjorde sin plikt og kjempet for å få endene til å møtes. De som levde nøysommelig, for seg og familien og fellesskapet, fastslår ho i eit intervju i Leffes lab i januar. Utsagnet refererer til teksten på «Småkarstestament» som tar utgangspunkt i hennar eigen far, men som ho lar bli ein hyllest til småbrukaren generelt.


Låtane hennar er ei reise i musikalske landskap som låner frå både country, rock, folk og viser. Med seg til Vang har ho også bassist Jørun Bøgeberg, mellom anna kjent for si tid i A-Ha.

-Vi håper at mange finn vegen til biblioteket/frivilligsentralen denne kvelden. Konserten er gratis og ope for alle, seier Skeie.








Beste helsing




Marte Tangen


Vang frivilligsentral

Artikkeltags