Klassisk gitarkonsert i Vang

Trond Davidsen gjestar Vang på Den klassiske gitarens dag 4. februar. Han vil  spele både solostykkje og duettar med Oddbjørn Skeie.

Trond Davidsen gjestar Vang på Den klassiske gitarens dag 4. februar. Han vil spele både solostykkje og duettar med Oddbjørn Skeie.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Sundagskvelden 4. februar er det Den klassiske gitarens dag, og i Vang blir dagen markert med ein gitarkonsert på Vang folkebibliotek.

DEL

VANG: Kulturskulerektor og klassisk gitarist Oddbjørn Skeie er primus motor for arrangementet, saman med Vang frivilligsentral.

Med seg på konserten har han Trond Davidsen, som sidan tidleg 90-tal har spelt årlege turnear i Rikskonsertene samt hatt konsertar som solist og i kammermusikk-prosjekter i USA, Mexico, England, Italia, Slovenia, Spania og Nederland. Han har gitt ut 6 CD`ar, den siste med Arctic Guitar Trio. Han har også vunne publikumsprisen i NRK sin Talentiaden, og han vant første pris i Skjeberg nasjonale gitarkonkuranse i 1991.

– Trond og Oddbjørn vil både spele duettar og solostykkjer. Det vil også bli eit lite gruppeinnslag av elevar frå Vang kulturskule i starten. Konserten er gratis og open for alle – velkomne, melder Marte Tangen ved Vang Frivilligsentral.

Artikkeltags