Gå til sidens hovedinnhold

Konspira-noia i Valdres?

Er det slik at halvparten av norske legar er overtydde om at korona-epidemien ikkje er farleg?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det påstår Kai Terje Kjørli i avisa 9. februar. Han er oppgitt over norske medium, som han meiner gir eit heilt skakt bilde av det som skjer i verda. Likevel får dei pressestøtte på ni milliardar, skriv han. Men i 2020 var pressestøtta på 358 millionar, altså om lag 4 % av det Kjørli hevdar.

Han raljerer over at det er lov med fleire i matbutikken enn i huset heime. No har eg aldri vore heime hos han, men det kan jo hende at huset hans er litt mindre enn butikken, at gjestene hans ikkje brukar munnbind. Dessutan er vel Kai Terje er ein såpass hyggeleg vert at gjestane ikkje går att etter eit kvarter?

Når han etterlyser kritiske spørsmål om korona-tiltaka, må han ha følgt dårleg med. Det er diskusjon både om sjølve sjukdommen og kva for tiltak samfunnet skal bruke. Det er mange meiningar både om kva som er rett å gjere med opning/stenging i kyrkjer, butikkar, skolar og vinmonopol. Grunnen til at Kjørli ikkje finn så mange meiningsfeller, er nok heller at dei fleste ser korleis det kan gå når styresmaktene ikkje tek sterke nok grep for å verne innbuarane mot sjukdom. Sverige og USA er skremmande døme.

President Trump har ikkje starta ein einaste krig, skriv Kjørli, og det er jo bra. Men han tapte «krigen» mot korona, som han meinte var lite meir enn ein influensa. USA har no 465.000 døde av sjukdomen. Det er fleire enn talet på døde amerikanarar i alle dei krigane USA har vore med i.

Likevel er ikkje Trump bannlyst, slik Kjørli skriv. Men han tapte eit val med historisk høg oppslutnad, eit val som vart grundig kontrollert av lovfesta organ der både demokratar og republikanarar var samde om resultata lokalt, regionalt og nasjonalt. «Jeg var av dem som har antydet at denne valgkampen ikke er over,» skriv Kjørli. Her er han er i selskap med Trump, som heller ikkje respekterte at veljarane ville ha ein annan president. Han mana difor tilhengjarane sine til å slåst mot at kongressen skulle stadfeste valet av Biden som ny president i USA, og gav dermed støyten til at mobben tok seg inn på Capitol Hill, og at fem personar mista livet.

Men mest motbydeleg er innlegget der Kjørli bringer vidare heilt grunnlause påstandar om Biden: «(…) mens han som er beskyldt for pedofili, korrupsjon og være dement (…)» Skuldingar som desse er farlege, sjølv om dei er gale. I USA trur medlemane i Q-anon i fullt alvor at leiarar blant demokratane og andre i samfunnseliten i USA, myrdar barn og drikk blodet deira.

Avslørande er det at Kjørli trøystar seg til informasjon frå «alternative media». Då vil eg minne om korleis pressetalskvinna til Trump, Kellyanne Conway, ordla seg. I eit intervju klaga programleiar Chuck Todd pressesekretær Sean Spicer for å lyge om oppmøtet då Donald Trump vart innsett som president. Conway svarte: «Ikkje overdriv, Chuck. Du seier det er ei løgn, og … pressesekretæren vår, Sean Spicer, gav alternative fakta.»

Men det som karakteriserer eit faktum, er jo nettopp at det er heva over diskusjon. Trump, Spicer og Conway laug alle saman.

Bakgrunn:

Jeg blir mistenksom når disse kanalene ser en annen virkelighet enn de som får statsstøtte

Kommentarer til denne saken