Gå til sidens hovedinnhold

Kor lite skal bøndene finne seg i å tene?

Bondeoppgjeret har kraft i seg til å endre jordbrukspolitikken.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Frå heile landet har bønder fortalt historier om kvardagen i fjøset. På jordet. På fjellet. Om tida som ikkje strekkjer til. Om skuleavslutningar ein ikkje får delteke på. Om laurdagar og sundagar og feriar og høgtider som blir brukt til å produsere mat. Om avløysarpengar som ikkje strekkjer til, ei timebetaling dei aller, aller fleste ikkje er villige til å arbeide for.

Krafta i årets jordbruksoppgjer bør ikkje overraske nokon. Det har ulma lenge. Det har ulma mot magre resultat, år etter år i forhandlingane, men også mot ei overordna politisk styring av landet som legg til rette for stadig meir import av billigproduserte råvarer i Europa, på kostnad av produksjonen av gode, norske jordbruksråvarer.

Stortinget har vedteke at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper skal minskast. Då må jordbruksinntekta opp, og alle som kan rekne, veit at det ikkje er prosentar som gir mat på bordet og lys i fjøsa, det er kroner og øre. Jordbruksnæringa har vore gjennom ei formidabel effektivisering og produktivitetsvekst.

Likevel kostar det meir enn det smakar å investere i nytt driftsapparat, nye fjøs, gode avlingar, leggje ned tid og kjærleik i dyrehaldet, når utgiftene veks langt meir enn nokre skarve tusenlappar.

Å produsere mat skjer i takt med naturen, men også på naturen sine premiss. Flaum, tørke, kraftig og langvarig regn – klimaendringane gjer at kompetanse og kunnskap om å produsere mat blir viktigare, samstundes som jobben blir vanskelegare. Ein bonde må vera tolmodig. Når staten då legg fram eit tilbod som er under halvparten av kva bondeorganisasjonane kravde, er tolmodet over.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) har sagt at det låg fleire hundre millionar til i potten, berre bøndene hadde valt å forhandle i staden for å bryte. Statsminister Erna Solberg meiner tilbodet frå staten ikkje var dårleg, og at bøndene får det same som andre grupper. Verken Solberg eller Bollestad ser ut til å ha fått med seg poenget: Bøndene er møkka lei av å produsere mat på dugnad.

Når inntekta per årsverk for ein sauebonde, til dømes, er venta å bli 196.000 kroner for inneverande år, og regjeringa ikkje legg fram eit tilbod som vil tette inntektsgapet, seier det mykje om kva status matproduksjonen har hjå dei styrande partia.

Bøndene har sakka akterut for lenge. No må det vera slutt på å produsere mat på dugnad.

Kommentarer til denne saken