Bakteppet er press i økonomien, lågare tilgang på arbeidskraft, Ukraina-krigen og høg inflasjon. Frå mai 2021 til mai 2022 var prisveksten på 5,7 prosent. Økonomien skal kjølast ned, og måten det skal skje på, er gjerne å auke rentenivået.

Renta har i lang tid vore på eit svært lågt nivå. Låg rente har gjort at nordmenn si totale gjeld har auka kraftig dei seinare åra. Den samla gjeldsgraden var i 2021 29 prosent høgare enn i 2016, og den høge gjeldsgraden uroa Finanstilsynet før jul. Totalt er bustadgjelda i Noreg på over 3100 milliardar – noko som svarar til to statsbudsjett. Små aukar i renta kan dermed føre til langt større økonomiske utgifter kvar månad.

Sjeføkonomi i Eika-gruppen, Jan Ludvig Andreassen, åtvarar derimot mot å bruke «gamle medisinar på nye problem». «Det blir nesten som om man tar en influensavaksine mot korona», seier han til NRK om å auke renta for mykje. Andreassen peiker på at manglande arbeidsinnvandring og manglande leveransar er det som skapar dagens utfordringar, og at det ikkje hjelper å setje opp renta når innsatsfaktorane manglar.

Ein auke i rentenivået kjem samstundes med at drivstoffprisane held seg på eit høgt nivå. Literprisar på 25–27 kroner, som berre for eit halvt år sidan ville verka utopisk, har no vorte vanleg. Det råkar transportnæringa og distriktsbefolkninga hardast. I tillegg har spottprisen i snitt over 2 kroner per kw/t i mars, april og mai, og har jamt vore tre eller fire gongar høgare enn på same tid i fjor. 

Utan straumstøtta frå staten ville mange ha slite ekstra med økonomien, når utgiftene til drivstoff og renteutgiftene også aukar på same tid. Ifylgje ei nyleg undersøking frå Storebrand, er over ein million nordmenn uroa for om dei klarar å betale bustadlånet det neste året. Dei auka utgiftene gjer også at fleire ynskjer å spara meir, og såleis forbruke mindre. Men det er vanskeleg å bruke mindre på drivstoff, når prisane har auka kraftig på eitt år. Dei andre kategoriane som aukar mest, er «møbler, husholdningsartikler og vedlikehold av innbo» og «bolig, lys og brensel» i fylgje SSB. 

Kva Noregs Bank og sentralbanksjef Ida Wolden Bache gjer, blir klart torsdag kl. 10.00. Det som er ganske sikkert, er at renta skal opp.