Laurdag 19. november fekk Valdres sine lesarar på side 24 eit råd frå Vang folkebibliotek:

«Dra til helvete og gled deg til turen.» (Underleg nok stod det like ved annonsen til dei største gravferdsbyråa i Valdres.) Det biblioteket vil gjera merksam på er at i 2019 skreiv forfattar Erlend Loe ei bok med tittelen» Helvete ", som vi no kan lesa om vi ser at vi treng noko morosamt og lett.

Frå gamal tid har det vore meint som ei forbanning det å beda eit medmenneske om å «dra til helvete».

Kva kan ein sjå før seg ved å bruka dette ordet?

Eg las eingong: Helvete er ein stad, mørk, kald og vond, der ei mengd menneske sit aleine og prata med seg sjølv. Dei tek opp att utan stans: Kva var namnet? Dei hugsar at det var eit namn som kunna ha redda dei frå denne staden der Gud og alt vakkert aldri kjem.

Den store Engelen som ville ta Skaparen sin plass, vart utkasta or Paradis, har mange namn, vart kalla Lucifer, djevel, fienden, far til all løgn, satan. Han let seg ikkje driva bort med humor. Sjølvaste erkeengelen Mikael let vera å slåst med han. I Judas-brevet seiest det at engelen sa: Må Herren straffe deg.

Då Herren sjøl, Jesus frå Nazaret, kom i ordskifte med Satan, spotta han ikkje Satan, men sa: Det står skrevet «Ved sin død og oppstoding vann Jesus over Satan, og JESU-namnet er det som kan fri alle frå å koma dit der Den Heilage Gud ikkje vil at nokon skal koma».

Nytt boktips: Lita, vakker, lettlesen, sann, full av håp, er den minste boka i verdas viktigaste bibliotek: NYE TESTAMENT i Bibelen. Pris han som er Seierherre over alt vondt og kjem att til ei verd som vert ny!

Og folkens: ikkje gløym at Jesus er årsak til julefesten.