Gå til sidens hovedinnhold

Koronakarantene i Øystre Slidre: Heggebø friluftsbarnehage stengt inntil vidare

Torsdag kom Øystre Slidre kommune med melding om at ein tilreisande som var i kommunen på besøk 11.–12. mars har testa positivt på Covid -19. Fem nærkontaktar og ytterlegare seks personar er sett i karantene.

Heggenes: I samband med at ein tilreisande som var i kommunen på besøk 11.–12. mars har testa positivt på Covid -19, melder kommunelegen om at fem nærkontaktar og ytterlegare seks personar er sett i karantene.

Eit barn i Heggebø friluftsbarnehage er blant nærkontaktane, og kommunelegen har difor, med heimel i smittevernlova § 4-1, i dag stengt Heggebø friluftsbarnehage inntil vidare.

Barn og tilsette blir sendt heim og blir heime fram til ny beskjed blir gitt. Desse blir oppmoda om Ikkje å ha kontakt utover eigne husstandsmedlemmer. Denne oppmodinga gjeld berre barn og tilsette.

Gladmelding frå Vestre Slidre: Kan opne Vestre Slidre skule og Røn barnehage fredag. Negative hurtigtestar på sjukeheimen

Sør-Aurdal kommune har to positive koronatestar onsdag. Det er testa 17 personar og det skal testast fleire torsdag

fjelltannlegane hadde éin tilsett som var smitta. Torsdag opnar også de opp igjen etter negative koronatestar

Positive nyheiter: Nord-Aurdal kjem med lettar i ventekarantenane frå torsdag av

Kommentarer til denne saken