Koronasmitta har blomstra opp att. Smittetala er rekordhøge nasjonalt og lokalt. Mellom anna har Vang kommune hatt fleire smitta siste veka enn gjennom heile koronapandemien.

Likevel er det svært få smitteverntiltak å spore rundt om i kommunane. Regjeringa og helsestyresmaktene held også attende når det gjeld råd og tiltak for å bremse/stogge koronasmitta. Ifylgje Espen Nakstad er ei viktig årsak at 90 prosent av den vaksne befolkninga anten er vaksinert eller immun mot koronasmitte. Han har heller ikkje særleg tru på at innføring av koronapass er aktuelt, sidan dette her til lands fyrst og fremst har vorte brukt til utanlandsreiser.

Smittetala me har sett i Valdres er urovekkjande høge. Ikkje minst seier tala oss kor lett koronaviruset framleis smittar. Dei høge smittetala har likevel ikkje medført særlege krav til tiltak lokalt, bortsett frå innføring av munnbind på enkelte legekontor, avgrensa besøksmoglegheiter på sjukeheimane og heimeskule for elevane. Ser ein på tiltaka, verkar det som at kommunane ikkje tek den alvorleg smittesituasjonen inn over seg.

Det kan vera at kommunane gjer rett i å unngå inngripande tiltak. Som Nakstad peikar på; når mange er fullvaksinerte eller immune på grunn av tidlegare koronasjukdom, er det også færre som blir veldig sjuke av covid-19. Samstundes kan fullvaksinerte framleis bera med seg smitte til andre, mellom anna dei som av ulike grunnar ikkje kan vaksinerast, eller til dei i risikogruppa som fekk vaksine mot koronasmitte veldig tidleg.

Statsminister Jonas Gahr Støre uttala onsdag at det er uaktuelt å innføre nasjonale tiltak. Nokre kommunar har valt å innføre munnbindpåbod på offentlege plassar og kollektivtransporten der det ikkje er mogleg å ha ein meters avstand. Å innføre tiltak er viktig, og det er nødvendig å vera i forkant, og ikkje etterkant. Nord-Aurdal kommune mellom anna har vald å «henstille» til at innandørs aktivitetar for born og unge i kommunen blir avlyst til og med måndag 15. november, og at born og unge frå kommunen ikkje deltek på innandørs aktivitetar i andre kommunar i same periode.

Kamp mot smittespreiing må framleis til. Tilgangen på god informasjon gjennom koronapandemien har vore ei viktig brikke for at innbyggjarane i ein kommune skal kjenne tryggheit og ha tiltru til handteringa av pandemien. Slik er det framleis.