Minikonsert og generalprøve før NM

Generalprøve og minikonsert

Generalprøve og minikonsert Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Valdres Brassband og Valdres Junior Brassband hadde minikonsert i gymsalen på Leira Grendehus onsdag kveld.

DEL

Leira: Valdres brassband reiser til Bergen i dag for å spele i NM for Brass i Grieghallen fredag kveld 9. februar. Onsdag kveld vart ein uformell minikonsert og generalprøve i gymsalen på Leira Grendehus.

Valdres Junior Brassband (VJBB) deltok og på minikonserten. VJBB er ca. 25 barn i alderen 9 – 14 år.

Sitt første NM

Ein veteran å reikne i VJBB er Thea Rogne Andersen. Ho starta i august 2013 saman med tre andre. Før dette hadde ikkje skulekorpset hatt ordinær drift på fleire år. Resten av medlemmene i VJBB har blitt rekruttert frå 4. klasse på Nord-Aurdal Barneskule og Korps i skulen.

I dag er Thea med i både VJBB og VBB og skal vere med Valdres Brass til Bergen og delta på sitt aller første NM.

Skal konkurrere mot andre korps

Valdres Brass er det einaste korpset i Valdres som deltek i NM, og har gjort det heilt sidan 80-talet. VBB skal i Bergen representere Valdres i ein konkurranse med 70 andre korps. VBB er i tredje av totalt seks divisjonar. Norges Musikkorps Forbund feirar 100 år i år, og Regjeringen har erklært 2018 for Musikkorpsenes år så vi tenkte at dette kunne vere ein god måte å "sparke i gang året"!

Artikkeltags