Gå til sidens hovedinnhold

Køyrer på med vaksinering via drop-in heilt inn i jula

Vang kommune har fullt fokus på å gje vaksine til alle som har rett på det, og er godt i gang med å sette oppfriskingsdoser.

VANG: Kommunen ynskjer å leggje til rette for at det skal vera enkelt å ta vaksine, og for å auke andelen som tek fyrste og andre dose legg kommunen no opp til eit drop-in tilbod. Dette står å lese på kommunens nettsider.

Det er også mogleg å ringe for å avtale tid. Vaksinekoordinator er å treffe på telefonen fredagar (61369500).

Det blir drop-in for koronavaksine på følgjande datoar og tidspunkt:

Torsdag 23. desember klokka 13:00 – 15:00 og 30. desember klokka 13:00 – 15:00, begge dagar på biblioteket i Vang.

Då kan du få vaksine utan timebestilling, men ein føresetnad er at du er frisk når du kjem. Dette gjeld for deg som ynskjer 1. eller 2. dose. Alle som skal ha oppfriskingsdose blir ringt etter i tur og orden, og ein avtalar time direkte.

Regjeringa reduserte nyleg intervallet mellom 2. dose og oppfriskingsdosen til 4,5 månadar. Tilsette i skule og barnehage og helse og omsorg blir prioritert, men tilrådd intervall er også 4,5 månadar for desse.