Gå til sidens hovedinnhold

Kraftig vind i fjellet – fleire fjellovergangar stengde, men ikkje E16 over Filefjell

Det er meldt om vindkast på opp mot 30 sekundmeter fram til torsdag. Fleire fjellovergangar i Sør-Noreg er stengde som følgje av uvêret. Men, det gjeld ikkje E16 over Filefjell. Fylkesveg 53 over Tyin-Årdal er stengd.

Valdres: Fleire fjellovergangar kan stengje på kort varsel. Filefjell er sett på som den sikraste måten å kome seg frå aust til vest, ifølge Vegtrafikksentralen.

På riksveg 17 Hardangervidda har ein kolonne med fire personbilar og eit vogntog køyrt seg fast vest for Dyranut. Brøytemannskap jobbar med å få løys vogntoget og kolonnen i gang, skriv NRK.

– Reisande bør vera budde på stengde fjellovergangar nesten overalt. Men på Filefjell er det mindre vind, seier Jon Andreas Omdal i Vegtrafikksentralen i Bergen.

Slik er statusen på fjellovergangane i Sør-Noreg klokka 15:00:

E6 over Dovrefjell er – stengd

Fylkesveg 53 over Tyin-Årdal – stengd

Fylkesveg 27 over Venabygdsfjellet – stengd

Riskveg 52 Hemsedalfjellet – stengd, kolonne for køyretøy over 7,5 tonn

Riksveg 7 Hardangervidda – stengd

Fylkesveg 53 Tyin – Årdal – stengd

Riksveg 13 Vikafjellet – stengd

Fylkesveg 50 Hol – Aurland – kolonne

Riksveg 15 Strynefjellet – kan bli stengd på kort varsel

E134 Haukeli – kolonne

Fylkesveg 60 Utvikfjellet – vanskelege køyreforhold

Kommentarer til denne saken