Gå til sidens hovedinnhold

Krisestab er oppretta også i Vang

Kommunen har sett krisestab på kommunehuset fredag ettermiddag, opplyser ordførar Vidar Eltun.

VANG: Eltun har på vegner av Vang kommune sendt ut denne pressemeldinga laurdag ettermiddag;

«Så langt kommunen har oversikt over, er det straum i heile kommunen. Etter det kommunen har fått opplyst er det bortfall av telefon og nettverk i store deler av kommunen, grunna brot på hovudleidningen til Valdres og inn til kommunen sørfrå.

Grindaheim Røde Kors er stasjonert på Vangsheimen i 2. etasje. Dei kan formidle vidare kontakt til ambulanse og legevakt. Møt opp der og ring på døra. Operativ legevakt er på Valdres lokalmedisinske senter på Fagernes.

Vangsheimen fylgjer opp innbyggjarar med tryggleiksalarm. Kommunen ber pårørande og naboar halde eit ekstra auge med kvarandre. Ordførar og kriseleiing takkar alle som står på no for å vareta helse og sikkerheit i kommunen».

Kommentarer til denne saken