Fjellfilm-festivalen er utseld

KOS I LYNGEN: 1.000 personar kjem til Fjellfilmfestivalen ved Gjendesheim 8. – 10. september. Festivalen kombinerer film, natur, turar, aktivitetar og anna i løpet av helga. Som på alle andre festivalar består festivallivet av godt samvær saman med venner, slik som på dette bildet frå eit tidlegare år. Alle foto: Knut Storvik

KOS I LYNGEN: 1.000 personar kjem til Fjellfilmfestivalen ved Gjendesheim 8. – 10. september. Festivalen kombinerer film, natur, turar, aktivitetar og anna i løpet av helga. Som på alle andre festivalar består festivallivet av godt samvær saman med venner, slik som på dette bildet frå eit tidlegare år. Alle foto: Knut Storvik

Artikkelen er over 2 år gammel

Arrangøren av Norges største fjellfilmfestival ved Gjende har ingen problem med å selje ut billettane.

DEL

(Gudbrandsdølen Dagningen)  

GJENDE: – Vi har eit veldig godt tilbod, uansett vær. Det er derfor eg trur vi er så populære. I år prøver vi å gje tilbod til dei som vil komme litt tidlegare, til dømes til ein fjelltur som går innom fem 2.000 meterstoppar. Det tok ikkje lang tid før dei 1.000 billettane vi la ut var seld. Det tyder på at interessa er stor, seier Maritha Bjørnbeth, festivalsjef for Fjellfilmfestivalen ved Gjendesheim.

Kom til Gjendesheim i 2012

Det var i 2012 at festivalen flytta frå Turtragrø til Gjendesheim. Sidan har dei vore der, og festivalfolket har teke godt imot festivalen, som kombinerer naturfilmar, turar og aktivitetar. 60 frivillige i sving sørger for at festivalfolket har det dei treng.

– Eg veit ikkje om andre som tilbyr det programmet som vi gjer, seier Bjørnbeth.

Ho er stolt over programmet som blir presentert.

– Den kanskje mest kjente foredragshaldaren som kjem er Aleksander Gamme. Elles skal Jan Schøyen fortelje om sin veg ut av rusmisbruk og etableringa av stiftinga Veien ut. Vi har i tillegg ein del naturfilmar og ei rekkje aktivitetar. I år samarbeider vi meir med lokale aktørar og Vågå kommune meir enn vi har gjort før. Nytt av året er stisykling med Gjendeguiden i området. Det er nytt, samt tur over Bukkelægret. Elles er det mykje av det same konseptet, seier Bjørnbeth.

I tillegg til dei nemnde filmane vil også den norske dokumentarfilmen om frikøyrar Dennis Risvoll frå Vågå, «Heedless», bli vist. Andre foredragshaldarar er Mats Grimsæth, Kaweh Almassy, Sharam Khalifeh, Simen Knudsen, Kornelius Allum, Mikkel Orre og Hege Ringard.

Arrangerer eigen minifjellfilm

For å inkludere lokalsamfunnet og rekruttere framtidig fjellfilmarar arrangerer dei ein minifjellfilm på torsdag før festivalen.

– Da kjem 8. klasse frå Vågå ungdomsskule til fjellfilmfestivalen. Det arrangerer vi i samarbeid med Vågå kommune. Eit fast innslag er at Ole Kristian Ødegård frå Heidal kjem og lærer bort historia om Jo Gjende. Han er ein legendarisk jeger frå Vågå som budde store deler av livet sitt ved Gjende der han jakta på vilt.

– Vi treng tilflytting

Det er ikkje berre festivaldeltakarane som gler seg til fjellfilmfestivalen snurrast i gong.

– Vi har tenkt å profilere Vågå kommune under festivalen. Mange av dei som kjem til fjells er yngre vaksne, og vi har plass til dei i Vågå. Vi har låge fødselstal i Vågå, så vi treng tilflytting, seier næringskoordinator i Vågå kommune, Live Brimi.

Ho merker likevel ein positiv trend i Vågå der mange yngre flyttar tilbake for å satse.

– Ein slik festival gjev uansett mange positive ringverknader for Vågå kommune. For å finne ut kor mykje skal vi saman med fylket gjere ei analyse over effektane frå festivalen. Det skal bli spanande å sjå i etterkant kva slags effektar festivalen gjev, seier Brimi.

Vågå kommune er med og sponsar festivalen og er med og arrangerer eit ølcruise på Gjende. Der blir det servert lokal mat frå Bessheim fjellstue, og bryggeriet Små Vesen tek turen frå Valdres med sine øltypar.

FAKTA

  • Fjellfilmfestivalen kom til Gjendesheim i 2012 og har sidan vorte arrangert årleg. I år er den 8. – 10. september.
  • Fjellfilmfestivalen blir arrangert av Stiftelsen Fjellkultur, som er oppretta av forlaget Fri Flyt AS og Den Norske Turistforening.
  • Til saman er det seld 1.000 billettar til fjellfilmfestivalen (utseld).

Artikkeltags