Konsert med kammerkoret

Valdres Kammerkor

Valdres Kammerkor Foto:

Valdres kammerkor med dirigent Svein Erik Sagbråten inviterer til konsert i Begnadalen kyrkje sundag 3. februar kl. 19.

DEL

Begnadalen: Programmet spenner frå italienske madrigalar av Gesualdo og Gastoldi til meir heimlege tonar av Grieg og Groven. I tillegg til korsong, vil medlemmar av kammerkoret stille med song og gitar, joik, fiolin og langeleik og folketonar.

– Valdres kammerkor er eit nystarta kor, og arbeidar for å styrke interessa og kunnskapen om korsong, for medlemmane i koret og for publikum på konsertar og tilstellingar, seier dirigent Svein Erik Sagbråten.

Klassisk musikk

Koret har arrangert fleire konsertar i Valdres – åleine, og med gjestemusikar Tor Espen Aspaas, ein av dei fremste pianistane i landet. Dei har òg delteke på Hemsingfestivalen to gonger. Koret syng for det meste klassisk musikk.

– Det er jo eit ganske vidt og tøyeleg omgrep og inneheld alt frå renessansemadrigalar via nasjonalromantikk til samtidsmusikk, verdsleg og kyrkjeleg, enkle a capella-songar og større verk til dømes med orkester, seier Sagbråten.

Ikkje som alle dei andre

Valdres kammerkor er heller ikkje heilt som andre kor.

– Koristane er travle og med mange jarn i elden. Difor har vi ikkje faste, regelmessige øvingar, men arbeider i staden intensivt fram mot prosjekt, som til dømes konserten i Begnadalen, fortel Sagbråten.

Svein Erik Sagbråten kjem frå Aurdal og har arbeidd som profesjonell songar i over 25 år. Han var i mange år fast tilsett songsolist ved Den norske Opera, og han har vore engasjert av dei fleste andre operakompania i landet og mykje brukt tenorsolist ved framføring av oratorium og andre kyrkjemusikalske verk.

Valdres Kammerkor

Valdres Kammerkor Foto:

Artikkeltags