Spelemannsnominerte Sudan Dudan til Frydenlund

Sudan Dudan til Frydenlund

Sudan Dudan til Frydenlund Foto:

Av

Sundag 17. mars held spelemannsprisnominerte Sudan Dudan konsert på skysstasjonen Frydenlund i Aurdal. Det er musikk frå den fjerde plata deira, «Heimen der ute», vi får høyre på konserten.

DEL

Aurdal: Fem år er gått sidan Marit Karlberg og Anders Røine ga ut plata «Inntil i dag». Meldarane var over seg, den gongen. Og det var dei også for «Heimen der ute», då denne vart lansert i 2018. Terningane trilla til femmarar og seksarar. – «Årets beste norske plate»” er store ord for ein liten duo frå folkemusikk-land.

Nominert til Spelemannsprisen

Dei to musikarane let seg ikkje blende. Dei trivst like godt i den musikalske hola si som ute i rampelyset. Men no må dei tole rampelyset òg for i februar i år vart Sudan Dudan nominert til prestisjefylte Spelemannsprisen. Laurdag 30. mars får vi vite om duoen stikk av med harpa. Sudan Dudan har eit trufast publikum i folkemusikkmiljøet, for Karlberg og Røine står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, langeleik, fele og munnharpe. Som mange andre finn dei inspirasjon i andre sjangrar som country og bluegrass, men også ørkenblues og salmesong. Slik er det òg i «Heimen der ute». Berre tre av dei elleve spora er opphavleg tradisjonelle folketonar/tekstar. Dette er ei utvikling som viser at duoen meir og meir slepper til eige stoff og tør å stole på kvaliteten i eigne tekstar og melodiar. Det har dei all grunn til.

Veksande publikum

Etter den førre plata fekk duoen eit større publikum. Det var som om musikk-Noreg endeleg oppdaga dei. Dei vart samanlikna med Gillian Welsh og Dave Rawlings, som ein løyndom som hadde traska rundt utan at nokon visste om dei. Med Odd Nordstoga som produsent vart plata også eit marknadsvenleg og fengande produkt, utan at duoen mista seg sjølve i det. På «Heimen der ute» har duoen valt å gå tilbake til eit uttrykk som liknar meir på dei første to utgjevingane frå 2006 og 2010 (Sudan Dudan og Kari og Ola).

Og heile vegen har dei dyrka den doble klangbotnen, musikalsk og tekstleg. Dette blir tydelegare att i ”Heimen der ute”. Les tittelen ein gong til og du vil forstå. Høyr på songen som heiter ”Festen”, som er så skjerande sår, og lytt til instrumenta som blandar seg med lys og mørke. Instrumenteringa til Anders og Marit er elles briljant og søkande.

Artikkeltags