Kurve lovar julestemning med fire konsertar på Valdres Folkemuseum

Kurve gler seg til dei fire julekonsertane

Kurve gler seg til dei fire julekonsertane Foto:

Vokalgruppa Kurve har også i år valt å ha julekonsertane sine i Slidrehuset på Valdres Folkemuseum.

DEL

FAGERNES: Dei første to konsertane blir førstkomande søndag, medan dei to neste er laurdag før jul. Her byrjar det å bli trongt om plassen.

– Billettsalet går veldig bra, og om folk vil sikre seg plass på den konserten dei helst vil, bør dei snart bestille, seier musikalsk leiar Gudbrand Silvet Heiene.

Det er sjølvsagt flest julesangar på repertoaret, men Kurve har òg med seg nokre klassikarar frå jubileumskonserten dei hadde i Kulturhuset i haust. Både Cohen sin «Hallelujah» og Lennon sin «Imagine» har bodskap som er høgaktuelle. Heiene fortel at koret er i god rute, og at repertoaret byr på mange godbitar:

– Vi skal synge alt frå enkle folketonar i gode arrangement, til det eg kanskje gler meg aller mest til: «Joy to the World» i eit ellevestemt, ellevilt arrangement pluss solistar og beatbox. Det tek heilt av, seier han.

På heimesida si dreg koret fram korleis dei gamle husa på museet fungerer som ei perfekt kulisse forå få julestemninga på plass. Og dei lovar å synge for at «du skal kjenne glede og fred i førjulstida».

Artikkeltags