Mikkjel Fønhus lesast på Nasjonalbiblioteket

Mikkjel Fønhus på Nissebakkin.

Mikkjel Fønhus på Nissebakkin. Foto:

Av

8. september på Nasjonalbiblioteket skal Tore Renberg lese Mikkjel Fønhus.

DEL

Oslo: Han fekk rykte som naturskildraren framfor nokon i norsk litteratur, og var ein av våre mest folkekjære forfattarar. Mikkjel Fønhus (1894–1973) gav ut bøker med opplag på fleire titusen, og titlar som Trollelgen og Der villmarka suser stod i alle norske bokhyller. Men så stilna det kring han. «Mikkjel ser ut til å vere klar over det sjølv: Han kunne dyr betre enn folk,» skriv Tore Renberg som no har lese Fønhus sine rovdyrromanar med ørneblikk. Kva er det så som openberrar seg, i dei menneskefråvende skildringane og blodstenka bileta av naturens vald? Korleis kan ein snuse seg fram til ein gløymd forfattars rytme?

Føredraget er ein del av serien «fortidas folkelesnad». Gjennom bokutgjevingar og føredrag aktualiserer Nasjonalbiblioteket forfattarskap som var viktige i si samtid, men som ikkje lenger er ein del av det felles minnet vårt.

Tidlegare utgjevingar i serien:

  • Dag Solstad les Olav Duun
  • Ole Robert Sunde les Johan Borgen
  • Vigdis Hjorth les Herman Wildenvey
  • Toril Moi les A.O. Vinje
  • Kjersti Skomsvold les Aksel Sandemose

Artikkeltags