Gjensyn med Kaos og Fjellfolket for å heidre Sandemo

Foto av visegruppa Kaos

Foto av visegruppa Kaos

Då Margit Sandemo gjekk bort i 2018, mista Noreg ein bauta og ei nybrottskvinne i den litterære verda. I dag straumar minna på, men ikkje berre om ein populærforfattar og fargerik historieforteljar. For, Margit Sandemo sitt engasjement strakk seg lenger enn til bøkene.

DEL

VALDRES: På 60- og 70-talet hadde ho eit særleg engasjement for ungdomen i Valdres, mellom anna som initiativtakar for viseklubben Kaos og dansegruppa Fjellfolket.

– Jag trivs bäst med ungdomarna, sa Margit Sandemo i eit intervju med NRK i 1973.

Ho kjende seg utrygg og utilpass med andre vaksne. Då gjekk praten med dei unge lettare. Intervjuet gir eit godt bilete av aktiviteten i ungdomsklubben – her var ungdomar med eit brennande engasjement for menneske og musikk – frå alle kantar av verda.

Rom for alle

Etterkrigsåra romma oppløysing og gjenreising for heimlege kulturtradisjonar, og i viseklubben Kaos og dansegruppa Fjellfolket var det rom for folkedans frå Noreg og visesongar frå Sør-Amerika. Film, teater og dans var andre kunstnariske former ungdomane i Valdres fekk ta del i. Alt i Margits regi. Og utan av ungdommane betalte så mykje som ei krone. Margit var alltid raus. I Margit si verd var det plass til alle.

Laurdag 5. oktober inviterer Valdresmusea til gjensyn av menneske og musikk frå den gongen, frå Kaos og Fjellfolket – og vi møter utøvarar som Hege Tunaal, Steinar Ofsdal, Knut, Karin og Elin Biribakken, Kjetil Kjelle, Terje Madsen, Kari Hagaseth, Johanna Fuglesteg og mange, mange fleire. Programleiarar er Lisbeth David-Andersen og Nils Rogn.

Artikkeltags