Fyller Operaen med norsk tradisjon

Regissør: Silje Onstad Hålien skal for tredje gong regissera Noregs største folkemusikkonsert, Meisterkonserten, i Den Norske Opera og Ballett.

Regissør: Silje Onstad Hålien skal for tredje gong regissera Noregs største folkemusikkonsert, Meisterkonserten, i Den Norske Opera og Ballett. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Silje Onstad Hålien skal for tredje gong regissera Noregs største folkemusikkonsert, Meisterkonserten, i Den Norske Opera og Ballett.

DEL

Oslo: Kvart år møtes utøvarar frå heile landet for å tevle i tradisjonell folkemusikk- og dans på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. I løpet av intense sommardagar vert vinnarar i spel, dans og kveding kåra etter knivskarp tevling. Den 11. november skal det samlast til ein stor Meisterkonsert i Den Norske Opera og Ballett i Oslo, der eit utval av vinnarane av Landskappleiken og Landsfestivalen syner fram det beste av norsk folkemusikk og folkedans.

Største arena

Meisterkonserten er blitt den største konsertarenaen for folkemusikkutøvarar, og Operaen er ein høgtideleg konsertarena for både utøvarane og publikum. På konserten får publikummarene oppleve ei stor breidde i folkemusikalske uttrykk, med hallingdans og pardans, kveding, spel av hardingfele, fele, bukkehorn, munnharpe, trekkspel og toradar. Meisterkonserten vert arrangert for tredje gong etter stor suksess dei tidlegare åra.

Lokal regissør

Regissør for årets Meisterkonsert i Den Norske Opera og Ballett er Silje Onstad Hålien, som òg har regissert dei tidlegare Meisterkonsertane. Ho har gjort ein god jobb med å setja saman desse konsertane. Hålien er ein frilandsdansar frå Valdres og har hatt mange prosjekter i løpet av sin karriere. I 2011 vart ho den fyrste kvinnelege som kom opp i eliteklassen i hallingdans. Ho er ei viktig rolle som pådrivar for Villniss Dansekompani, som har sett opp fleire førestillingar med fokus på å formidle musikk og dans med røter i norsk tradisjon og utforske korleis ein nyttar forteljarevna innan dans og musikk. I februar var ho månadens artist på Riksscena der ho hadde fleire framsyningar. Ho har i år vore aktuell med mellom anna førestillinga Dei Gamle er eldst. Hålien fekk prisen som årets folkemusikar i 2015.

Kolbjørnshus i manesjen

Blant artistane på Meisterkonserten skal årets vinnar av klassen Halling A under Landskappleiken i Trysil, Ådne Geicke Kolbjørnshus, stilla med dans. I sommar har han vore aktuell som skodespelar under spelet Anna Svärd på Västanå Teater. Det er andre gongen Kolbjørnsrud skal dansa på Meisterkonserten. Han vann klasse Halling A på Landskappleiken på Geilo i 2014 òg, og fekk då vera med på den fyrste Meisterkonserten som var arrangert i Den Norske Opera og Ballett.

Spelemannslag

«Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar» frå Valdres vann Lagspel sr. på Landskappleiken i år og skal vera med å spela på Meisterkonserten i haust. I dette spelemannslaget vert det spelt berre slåttar som ikkje har vore brukt dei siste 50 åra. Det er ikkje berre Meisterkonserten som er verdt å få med seg denne helga. Folkelarm, som er folkemusikken sitt årlege bransjetreff, tek til torsdag 8. november. Her kjem det utøvarar frå heile Norden, solistar, band og førestillingar som skal syne fram kva dei har å tilby publikum. På laurdagen, 10. november, vert Oslokappleiken arrangert. Ei tevlingsarena for folkemusikar som held til i Oslo denne helga. Så dette vert med andre ord ei helg der alle som likar folkemusikk bør få med seg.

Artikkeltags