Makelaust om lyrikaren Jacob Sande

Allsong: Eit fullsett Volbu grendehus i samsong med Toralf Baldersheim, i «Kallen og katten» av Jacob Sande.

Allsong: Eit fullsett Volbu grendehus i samsong med Toralf Baldersheim, i «Kallen og katten» av Jacob Sande. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det var trengsel då Øystre Slidre mållag baud inn til foredraget «Jacob Sande – i suksess og motvind».

DEL

VOLBU: Av og til opplever ein desse stundene då tida står still. Slik var det sundag kveld, då skulemannen og kulturberaren Toralf Baldersheim tok oss med på ei reise i livet til lyrikaren, skulemannen og mennesket Jacob Sande.

To timar kvarv med latter, skjemt og song – men også stunder med klump i bringa og tårer i augekroken. For eit diktarliv er aldri enkelt, heller ikkje for Jacob Sande.

Målrørsla
Håkon Skarstad, nestleiar i mållaget, ynskte velkomen. Han la til at staden var ekstra aktuell, sidan målrørsla alt i 1890 rørte kraftig på seg i Volbu, i regi av Fram ungdomslag. Dette fleire år før Norges Mållag vart stifta. Lokal lagsleiar, Ingrid Rogne, orienterte så kort om laget og arbeidet der, og om høvet til å teikne seg som medlemmar.

Lyrikk som folk forstod
Jacob Sande var fødd i Dale i Sunnfjord i 1906, i eit samfunn med stor avstand mellom overklassen og vanlege folk. Dette gjekk att i diktinga hans, som var på nynorsk, og som vart skrive på ein måte som alle forstod og kjende seg att i, ikkje minst småkårsfolket.

– Sande vart ein fornyar av nynorsken, sa Baldersheim.

Men heller ikkje Jacob Sande kom lett til suksess, sjølv om han tidleg var særs produktiv innafor diktskriving. Fyrste forsøka på diktsamlingar vart avvist, fyrst av Norli forlag, så av Aschehoug og deretter Gyldendal. Seinare gjekk det betre, i alle fall med diktinga.

Stort spenn
Toralf Baldersheim er ein framifrå forteljar, med underfundig humor, og med stor kunnskap. Med gitar, opplesing, allsong og fri forteljing leidde han forsamling gjennom livet til Jacob Sande, både oppturane og nedturane.

For spennet i diktinga var stort, frå det groteske «Likfunn» via humoren i «Kallen og katten» til den varaste vare «Salme», om Jesu liding på krossen.

«Kallen og katten» var også den fyrste blant fleire allsongar denne kvelden, saman med blant andre «Då Daniel drog ut i verda».

Ingen familiemann
Sande vart tidleg djupt og inderleg forelska i den unge lyrikaren Halldis Moren frå Østerdalen. Og fortvilinga var desto større då ho i staden valde seg Tarjei Vesaas som ektefelle.

Sande gifte seg seinare med si Solveig, og fekk dottera Siri, men vart aldri nokon familiemann. Til det var han for oppteken av seg sjølv. Han levde knapt i hop med dei to, og hadde undervegs fleire damehistorier, men var alltid ekte og inderleg glad i dottera.

Farleg fylgjesvein
Alkoholen var diverre ein farleg fylgjesvein for Sande gjennom store delar av livet, og verre og verre vart det. Så ille at han sikkert hadde mista lektorjobben på Ullern gymnas om ikkje rektor og kolleger hadde slege ring om han.

Men i gode stunder trollbatt Sande elevane på ein måte knapt nokon andre kunne.

Jacob Sande vart ein fornyar for nynorsken gjennom den folkelege diktinga si.

Toralf Baldersheim

Krigsseglarane
Sande vart berre så vidt 60 år, og Baldersheim fortalte om ei spesiell hending i gravferda.

Ein lurvet kledd kar, som truleg kom rett frå gata, gjekk opp til båra i kyrkja, snudde seg mot folk og sa. «Jacob Sande var betre enn samtlege av dykk». Så gjekk han ut att. Ingen visste kven dette var, men det har vore spekulert på om det kunne vore ein av krigsseglarane, som Sande var kanskje den fyrste til å lyfte fram og heidre innsatsen til.

Blomar og takk
Før vi gjekk heim minte Toralf Baldersheim oss om kven som skreiv den vakre julesongen «Det lyser i stille grender», før det vanka takk og blomar frå Reidun Dølehuset, leiar i Valdres mållag.

Vel heime att vart «Dikt i samling», arv etter svigermor, henta fram frå bokhylla. Boka slo seg sjølv opp på «Fløytelåt», som startar med «Sevja står saftgrøn og sevjemjuk». Begge desse to meisterstykka kan vi også takke Jacob Sande for!

Og takk til deg, Toralf!

Artikkeltags