Kulturdagar med noko for alle

Torsdag 24. oktober kjem forfattar og etnedøl Ingeborg Solbrekken med foredraget «Gestapos mest ettersøkte nordmenn holdt til i Etnedal», basert på boka si frå 2018. Det blir ein kveld fylt med interessant lokal og nasjonal historie. Foto: Anne Kjønniksen (arkiv)
For femte gong fylles ei lang veke i oktober med kulturopplevingar og aktivitetar i Etnedal.
ETNEDAL: Kulturdagatn går i år føre seg frå fredag 18. til sundag 27. oktober. TV-aksjonen «tjuvstartar» med konsert og utlodding fredag 18. oktober, før den tradisjonsrike handverksmessa på Skogtun grendehus formelt opnar «dagatn» laurdag. I løpet av kulturdagatn bør dei fleste få høve til å oppleva dei mange talenta i Etnedal kulturskule, då dei både skal ha konsertar, danseframsyning og kunstutstilling.
Kulturpris
Kulturprisen skal delast ut tysdag 22. 10. under «På grensen til allsang» med Bruflat sangkor – der blir det allsong, quiz og underhaldning ved kulturskulen.
Måndag blir det bokkveld på biblioteket, under tittelen «Boka i mitt liv». Onsdag 23.10. får alle i Etnedal høve til å koma med innspel til kultur- og fritidstilbodet i kommunen, då det vert steika lappar og invitert til ope møte på frivilligsentralen. Møtet har samanheng med revidering av kommunedelplanen for kulturfeltet, som startar i haust.
Torsdag 24. oktober kjem forfattar og etnedøl Ingeborg Solbrekken med foredraget «Gestapos mest ettersøkte nordmenn holdt til i Etnedal», basert på boka si frå 2018. Det blir ein kveld fylt med interessant lokal og nasjonal historie.
Laurdag 26. kan du krydre bibliotekbesøket med Helge Lunde-filmen «Sangen om Rondane» frå 1934, før du ut på kvelden kan briljere med den kulturelle kapitalen din i QulturQuiz på Blaafladt spiseri. Dagatn blir runda av med ein aktiv dag i Etnedalshallen sundag 27. oktober.
Dei fleste etnedøler vil få høve til å oppleva eit kulturtilbod i løpet av Kulturdagatn. For fullt program, følg med på Facebook og på kalenderen på heimesida.
Kommentarer til denne saken