Kulturminnekveld i Vang med fotoutstilling, underholdning og quiz

Fotograf Anne Marte Før har vitja seks ulike handverkarar i Valdres.

Fotograf Anne Marte Før har vitja seks ulike handverkarar i Valdres. Foto:

Av

Med Jon Eggen som konferansier vert Temaplan for kulturminne i Vang presentert på Vang folkebibliotek tysdag 5. mars. kl. 19:00.

DEL

Vang: Bakgrunn for planen er kulturminne som kommunen har ansvar for: bygningsmasse og minne frå nyare tid.

Plan for kulturminne i Vang vert presentert med tema:

  • Gamle hus i aktivt gardsmiljø i Uppigare i Løkreim ved eigarar Anne Lajord Belsheim og Arne Belsheim.
  • Fornybar energi i Vang med utgangspunkt i Eidsfoss kraftverk, Øye ved Johannes Kasa.

Planen er utarbeida av Katharina Sparstad og vedteke i Vang formannskap 04.12.2018. Ho vil seie litt om arbeidet, bakgrunn og korleis kulturminneforvaltninga i kommunen brukar kulturminneplanane.

Det blir opning av utstillinga Handverkaren. Fotograf Anne Marte Før har vitja seks ulike handverkarar i Valdres. Foto av Knut Olav Dokken – smed og Anders Gjerdingen – båtbyggjar, stillast no ut i Vang. Thea Hålien spelar munnharpe og det blir kulturminne-quiz, kaffi og kringle.

Artikkeltags