Kulturprisen i Øystre Slidre går til Solveig Sandberg

Solveig Sandberg får kulturprisen i Øystre Slidre. Prisen vil bli delt ut i samband med eit kulturarrangement i 2017.

Solveig Sandberg får kulturprisen i Øystre Slidre. Prisen vil bli delt ut i samband med eit kulturarrangement i 2017. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å kunngjere at kulturprisen 2017 går til Solveig Sandberg, melder Marit Karlberg

DEL

Her er kommunen si grunngjeving:

Sandberg har vakse opp i Asker, men budde på garden Midtre Vøllo i Heggenes i delar av oppveksten i samband med at mor hennar  var odelsjente og i periodar var med og dreiv garden.

Sandberg vart tidleg nysgjerrig på korleis livet var i Øystre Slidre i gamal tid, og ho tok alt som ungdom til å intervjue besteforeldre og andre eldre folk i bygda. Ho skreiv også ned det ho fekk høyre.

Den lokal- og kulturhistoriske interessa fekk ytterlegare tyngde ved at ho valde å studere fag som folkeminnevitskap, norsk og historie, før ho utdanna seg til lærar.  I 1982 flytte ho oppatt for godt, og arbeidde eitt par år som lærar ved Øystre Slidre barne- og ungdomskule, før ho gav seg i kast med gardsarbeidet på heil tid.

Faren Magnus Sandberg (1918-2010)  etablerte Fjellbygdakademiet og restaurerte Liastølen på Beitostølen i byrjinga av 2000- talet og fram til han døydde i 2010.

Solveig overtok dette stølsmiljøet frå 1700-talet etter faren, og ho har vidareutvikla Liastølen til ein stad for yrande kulturhistorisk formidling heile sommaren i gjennom. Kvar helg er det nye interessante lokalhistoriske tema og foredrag på denne unike staden, som tek vare på det gamle stølsmiljøet, tradisjonar og ikkje minst om lag hundre plantevekster som tåler klimaet på 900 meters høgde.

Solveig Sandberg har også utmerka seg som forfattar av bøkene «Trådar mellom himmel og jord : – ein studie av messehaklar i Valdres» i lag med Solveig Rydland, og ho var medforfattar av «Hegge stavkyrkje 800 år» utgjeven av Hegge Sokneråd. Ho har og vore sentral i samband med utgjevinga «Før i ti’n», ei lokalhistorisk fotobok frå Øystre Slidre av Øystre Slidre historielag. «Før i ti’n nr. 2» er no under arbeid, og Sandberg er også her ein aktiv bidragsyter.

Øystre Slidre kommune set stor pris på Solveig Sandberg sine evner og engasjement for å ta vare på, vidareføre og fornye formidlinga av lokal kulturhistorie.

Ho har vore aktiv i Øystre Slidre historielag i mange år, leiar i Heggebø bondekvinnelag i 10 år og soknerådsleiar i Hegge sokneråd i ein periode.

Dessutan har mange norskamerikanarar på leiting etter røtene sine i kommunen, fått hjelp av Solveig.

Øystre Slidre kommune set stor pris på Solveig Sandberg sine evner og engasjement for å ta vare på, vidareføre og fornye formidlinga av lokal kulturhistorie, og ser fram til å kunne dele ut kulturprisen til henne i samband med eit kulturarrangement i 2017.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken