Vestre Slidre: Kulturprisen tildeles Terje Tvenge, Slidre, for sitt mangeårige arbeid med bygningsvern i Vestre Slidre, Valdres og faktisk hele Norge. Sjur Mehlum, Riksantikvaren seier det slik:

– Så hyggeleg at dykk har bestemt der for å gjeve Terje Tvenge kulturprisen for 2018. Det er vel fortent. Riksantikvaren har samarbeidet med Slidre bygg og prosjektering og med Terje Tvenge gjennom restaureringen av fleire av stavkyrkjene i Valdres, men også nå sist i Borgund ved årsskiftet 2017/18.

Lista over prosjekt inneheld i tillegg til stavkyrkjene:

En rekke større og mindre hus i Valdres, Svenner fyr ved Larvik, Jeslingen utanfor Rørvik i Nord Trøndelag, Østre Nøste i Lier, Gamlebygningen på Breie, Etnedal m.m.

Stor fagkunnskap

Terje er ein stillfarande og smålåten mann, som med stor fagkunnskap og kløkt innan for faget sitt gjer eit særs viktig kulturarbeid som byggmeister, – ikkje berre i vår eiga bygd, men ein som nyt stor fagleg respekt langt utanfor kommunegrensa. Terje jobbar saman med fleire andre frå Slidre bygg og prosjektering på bygga og dette har vore ein god plattform for arbeidet. Det lagast omfattande rapportar for kvart prosjekt med dokumentasjon for arbeidet.

Ole Nygård og Jan Dokkehaugen har saman med fleire frå firmaet delteke. Han har gjennom familien sin vakse opp med allsidig og solid bygningsarbeid, noko som sikkert påverka yrkesval og utdanning. Vi opplever Terje som genuint interessert i gamle hus og bygningsteknikkar. Gjennom formell utdanning og med lang erfaringsbasert kompetanse er han høgt akta mellom anna av fylkeskonservatoren i Oppland og Riksantikvaren. I tallause restaureringsprosjekt har Terje skaffa seg god innsikt i lokal byggjekultur og eldgamle bygningsteknikkar, sett seg grundig inn i dei originale bygningstekniske løysingane og lagt sterk vekt på å ta omsyn til dette ved utbetringar av gamle bygningar. Gjennom restaureringsarbeidet tek han seg tid til fotografering og dokumentasjon og utarbeider i etterkant verdfulle dokument som har interesse for ettertida og komande generasjonar. Denne særeigne byggmeisteren er ein ettertrakta fagmann til private oppdrag i regionen vår, og ikkje minst til offentlege bygg som kyrkjer. Terje stiller strenge krav til grundig og godt fagleg kulturarbeid, til eige innsats og til dokumentasjon til allmenn nytte og glede for ettertida.

Program:

Majell (frå Slidreøya) og flatbrød ved oppstart.

Musikkinnslag.

Utdeling av kulturpris ved ordfører.

Helsing frå Riksantikvaren med 15 min innlegg om bygningsvernarbeidet.

Helsing frå OFK.

Musikkinnslag.

Helsing frå bygningsrådgiver på museet.

Helsing frå museumsdirektøren.

andre