Kun­ne vor­te kåra til bes­te sku­len i Norge: Men no er fi­na­len av­lyst

Snytt for finale: Oda Thon Hovrud, Jakob Blix-Nilsen, Trisha Margaret Johansen og Ingrid Winnem Tvedt gjekk rett til landsfinalen i klassequiss, men så vart finalen avlyst.

Snytt for finale: Oda Thon Hovrud, Jakob Blix-Nilsen, Trisha Margaret Johansen og Ingrid Winnem Tvedt gjekk rett til landsfinalen i klassequiss, men så vart finalen avlyst. Foto:

Ny­leg gjekk 10.-klassingane på Nord-Aurdal ungdomsskole rett til lands­fi­na­len i klas­se­quiz. 12 ret­te av 12 moglege gav di­rek­te plass i lands­fi­na­len.

DEL

Nord-Aurdal: Men fre­dag kom mel­din­ga om at lands­fi­na­len vart av­lyst på grunn av ko­ro­na-si­tua­sjo­nen.

Er lei seg

– Vi er vel­dig lei oss for at klas­se­qui­zen er av­lyst. Vi had­de gle­da oss vel­dig til å del­ta, og vi håpa at fi­na­len skul­le blir ut­sett, ik­kje av­lyst. Men når det er sagt, så er det jo ei trøyst at vi gjekk til topps i gam­le Opp­land fyl­ke, sei­er den eine av dei fire fi­na­le­del­ta­ka­ra­ne på la­get, Ing­rid Winnem Tvedt, som bur på Strønd.

Dei fire ele­va­ne som vart tek­ne ut og skul­le ha reist inn­over til Oslo i april, var i til­legg til Ing­rid, Oda Thon Hov­rud frå Skraut­vål, Jakob Blix-Nilsen frå Fa­ger­nes og Tris­ha Mar­ga­ret Johansen frå Fa­ger­nes.

Smit­te­fa­re

– NRK har bes­temt at Klas­se­qui­zen blir av­lyst vi­da­re for den­ne se­son­gen. Det in­ne­ber for stor fare for smit­te og vi­da­re smit­te­sprei­ing blant både del­ta­ka­rar, ledsagarar, be­man­ning i NRK og andre imp­li­ser­te partar å gjen­nom­fø­re Klas­se­qui­zen i år, skriv Øy­stein Øk­ter i NRK i ein e-post til sku­len.

– Det er leit at fi­na­len er av­lyst, men det er slik situasjonane er no. Vi vil nå job­be fram mot nes­te se­song og vil då håpe at alt går som nor­malt.

Det­te var inga lett av­gjerd å av­ly­se. Eg veit kor mykje man­ge av dykk som no har kome vi­da­re har gledd dykk til å kon­kur­re­re og ik­kje minst vera i Oslo i no­kre da­gar. Og vi har også gleddd oss til å ta dykk imot. Det er ei hek­tisk men utru­leg ins­pi­re­ran­de tid på året å få lov til å job­be med så flot­te ung­dom­mar som de er. Hå­pet er jo at si­tua­sjo­nen blir meir normal snart, og då nær­mar vi oss tida for ek­sa­men. Det er trass i alt det viktigaste for 10. klas­se på den­ne tida av året. Mitt øns­ke er der­for at de bru­ker tida fram­over til å gje­ra så gode føre­bu­in­gar som råd til ek­sa­men. Og så må de ta med dykk den lær­dom­men og er­fa­rin­ga de har fått igjen­nom del­ta­king i Klas­se­qui­zen til job­ben vi­da­re, skriv Øk­ter.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken