Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Bjørn Stendebakken er ein godt kjend mann i Valdres. Han har sjølv jobba i mange år som sjukepleiar, og kjenner helsevesenet svært godt frå innsida, mellom anna frå legevakt og frå alminneleg helse- og sjukepleie. No står han på utsida, som pårørande. I eit intervju her i avisa Valdres reiser han viktige spørsmål kring eldreomsorga og kva ei god eldreomsorg er.
Det blir fleire eldre. Me lever lenger, og held oss friskare lenger. At det blir utfordrande å sikre ei god og trygg eldreomsorg i framtida, har vore på dagsordenen i mange år alt. Ikkje minst når det gjeld arbeidskraft og «varme hender», som skal gje pleie, mat og medisinar, men også omsorg utover dei basale behova.

Pårørende reagerer: – Jeg ønsker ikke å ta noen – det er systemet som ikke fungerer
«Noen ganger får jeg ikke svar på det jeg spør om. Det oppleves som frustrerende og vanskelig. Mye hadde vært vesentlig bedre med god kommunikasjon og informasjon», seier Stendebakken.
Vikarar og vikarar for vikarar, gjer at det totalt med faste tilsette er mange ulike personar som er i kontakt med ein bebuar på ein sjukeheim, pasient i heimesjukepleia eller i omsorgsbustad i løpet av ei veke og ein månad. Då trengst gode rutinar og opplæring, og at informasjon blir vidareformidla. Stendebakken understrekar at det er systemet som er feil, ikkje folka som er tilsette i helsesektoren. Tilsette i helsesektoren har også dei siste åra vore gjennom ei ekstrem tid, med pandemi, strenge restriksjonar og reglar for kontakt med bebuarar, og ei stor belastning ved å stå i front i kampen for å avgrense koronaviruset.
Då er det betimeleg å spørje om Valdres-kommunane har mange nok folk på jobb til å sikre at kvar og enkelt av bebuarane og brukarane får det dei treng, eller om kommunane har sett sitt snitt til å leggje til grunn ei minimumsbemanning. Gode helsetenester og god omsorg kostar, både i form av at dei tilsette må gje mykje av seg sjølve i kvardagen, og at det er høg nok bemanning. Faste stillingar i høge nok stillingsprosentar, rekruttering av tilsette med fagbrev og godt nok tilbod til tilsette som ynskjer fagbrev og vidareutdanning, må vera høgt på lista til kommunane.
Debatten som Stendebakken tek til orde for er utruleg viktig. Ikkje minst er det openbert ting som kan betrast, ikkje minst når det gjeld kommunikasjon og informasjonen mellom pårørande og helsepersonell. Dette er fyrst og fremst ei kommunal oppgåve og eit kommunalt ansvar at det blir lagt til rette for.