Heile kommunen si utvikling blir rett og slett hemma av vegen. Innbyggarar, næringsliv, hytteeigarar og turistar lid spesielt av at vegane er så dårlege. No til dags blir alltid dårleg veg tatt opp når Etnedalen er temaet, og det er ikkje bra. Viss det ikkje snart blir gjort noko, så kan konsekvensane bli store.

Vegavgift er noko alle i Noreg betaler. Uansett kvar du bur og kva veg du køyrer på, er avgifta lik. I utgangspunktet er det rettferdig at alle skal vera med og betale litt, for at vegane skal vera gode. Det ein derimot må forvente, er at ein skal få att noko for å betale denne avgifta.

Dersom ein ser på andre skattar, så vil ein sjå at ein får att noko. Vi har gratis skule og bortimot gratis helsevesen. Dersom ein bryt ein fot, kan ein komma på sjukehuset og få ordna foten, bortimot gratis. Slik fungerer dessverre ikkje vegavgifta. Vegen igjennom Etnedalen er så dårleg at det kjem steinar og røter opp gjennom asfalten. Nesten kvart år er det ein eller fleire som får bilen øydelagd på Steinsetbygdvegen. Kan ein då seia at ein får att for avgifta ein betalar?

Utrykkingskøyretøy er ein ting alle skal ha tilgjengeleg. I Etnedalen har vi også tilgang på dette. Men utrykkingskøyretøya hadde nok brukt lengre tid hit enn til mange andre plasser. Det er eit mål at utrykkingskøyretøy skal ha maksimum om lag 25 minutt responstid. Vegane her er så dårlege at 25 minutt vil nok ikkje halde. For at folk skal bu her, må dei vera sikre på at dei får hjelp av utrykkingskøyretøy, og at dei ikkje brukar for lang tid. Turen i ambulanse, politibil eller brannbil blir både farleg og risikabel på desse vegane. Det er skummelt både for sjåfør, passasjer og pasient. I verste fall kan skaden på pasienten bli verre.

Kollektivtransporten i Etnedalen er ikkje noko eg vil skryte av. Men på ein måte så kan eg forstå kvifor det ikkje går så mange bussar nord i dalen. I ein tidlegare avisartikkel frå avisa Valdres har Etnedal bilruter sagt at dei brukar om lag 100 000 til 150 000 på vedlikehald av buss. Vedlikehaldet går på skadar som er direkte relatert til vegstandarden.

Den slitasjen som skjer på bussane her, er slitasje som ein på gode vegforhold ikkje får før etter 7–8 år. Dette gjer nok ikkje at det blir noko meir kollektivtransport her, og det er jo dumt for dei som bur på denne strekninga. Også skuleelevar frå den nordlege delen av Etnedal køyrer denne vegen med buss kvar dag. Eg har sjølv erfart dette. Turen var lang og forferdeleg då eg tok buss der, og eg tvilar på at han er noko betre no.

I 2021 vart det laga ein underskriftskampanje med spørsmål om folk ville ha ny veg, i samband med at kommunen sende inn ein søknad til fylkeskommunen. Underskriftskampanjen på «opprop.net» fekk 706 signeringar. Cirka halvparten av dei som signerte, var ifrå Etnedal. Resten var då folk som enten pendla på jobb hit eller hyttefolk.

Mange av dei hyttefolka som hadde signert, skreiv at dei ikkje hadde lyst til å ta turen hit på grunn av vegen. Nokre hadde også skrive at dei hadde selt hytta nettopp fordi vegen var så dårleg. Mange yngre har lyst til å flytte tilbake til Etnedalen, men dei gjer det ikkje, fordi vegstandarden er for dårleg. Ein kan ikkje ha det slik. Folketalet går frå før nedover, og det kjem ikkje til å snu om dette fortset.

Eg har sjølv vore vitne til at folk har fått skadar på køyretøya sine på grunn av vegstandarden her. Det er greitt nok at ein må reparere bilen ein gong iblant. Men når det blir kvar månad eller oftare, blir det litt mykje.

Det er fleire minstepensjonistar som bur her i bygda. Som minstepensjonist har ein ikkje råd til allverda, men ein må likevel ha tilgang på transportmoglegheiter. Når dei skal ta seg ein tur over til Fagernes eller ein tur utover til Bruflat, og køyrer på vegen her, så følgjer det etter kvart med at dei får skadar på bilen. Desse skadane kostar fort fleire tusen. Viss dei då ikkje har råd til å ha bil lenger, så må dei nytte kollektivtransporten. Men det er nesten ikkje kollektivtransport her, så bil er einaste moglegheit. Dette blir for dumt!

Skal Etnedalen vera ein plass der det skal bu folk, så må vegstandaren hevast kraftig. Om du køyrer på han slik han er no, gjer du det med livet som innsats. Så ver så snill å bygge ny veg!

Teksten er eit bidrag til kronikkonkurransen som vart arrangert våren 2022 i samarbeid mellom avisa Valdres, Valdres vidaregåande skule og Nord-Aurdal mållag.