Gå til sidens hovedinnhold

Kva skjedde med E16? Ingenting.

Opposisjonen på Stortinget har lova gull og grøne skogar til Fagernes og Valdres. Dei har ikkje levert.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Denne veka vart det klart at det ikkje blir sett av eigne midlar i Nasjonal transportplan (NTP) for ei omleggjing av E16 Fagernes sør-Hande. Det er svært skuffande for Nord-Aurdal og Valdres. Transportkomiteen på Stortinget vart tidlegare denne veka samde om ei ramme på 1.200 milliardar kroner i planen, som varer frå 2022 til 2033. Litt over ein tidel er inntekter frå bompengar.

Les også

E16 Fagernes sør – Hande omtalt i innstillinga til ny NTP – men er ikke inne

Det er stortingsval i år. Det gjer at politikarar lovar i aust og vest – på førehand. Pengar til samferdsle blir ein kamp mellom by og bygd, mellom lokalsamfunn. Mange vil ha, og mange får. Men altså ikkje Fagernes.

Dei siste åra er det brukt fleirfaldige milliardar på utbetring av E16 gjennom Valdres. Nye tunnelar er bygde i Bagnskleiva, Øye og på Filefjell, og ny tunnel er under byggjing Hugavika-Kvam. E16 er den sikraste vintervegen over fjellet mellom Aust og Vest. Og ved storm og kraftig snøfall stoppar det seg stadig til, slik vi har sett vinter etter vinter.

Les også

E16 Fagernes sør – Hande omtalt i innstillinga til ny NTP – men er ikke inne

Og all trafikken går gjennom Fagernes sentrum. Den deler byen i to. Det er 40 kilometers fartsgrense, fartsdumpar, fotgjengarovergangar og kryss der trafikken frå sidevegar blir ståande i stampe. Det er eit sentrum med butikkar på kvar side av europavegen. Det er mest ikkje til å tru at det ikkje er fleirtal for å setje av ei einaste krone i NTP, ikkje eingong til eit oppstartsprosjekt. Sjølvsagt er det ei teoretisk moglegheit for at partia endrar standpunkt fram til endeleg vedtak i Stortinget, men det er lite truleg.

Les også

Siste innspurt før ny Nasjonal transportplan: – Jeg er veldig spent

Eit fleirtal beståande av Høgre, Frp og Venstre meiner det på grunn av auka trafikkvekst trengst «tiltak» på strekninga. Eit anna fleirtal beståande av opposisjonspartia Ap, Sp, Frp og SV meiner det må jobbast vidare med prosjektet, for å få inn midlar ved neste NTP-rullering, som er om fire år. Men pengar er det altså ikkje lagt inn. Det gjer at ei omleggjing av E16 gjennom Fagernes vil ta endå nokre år.

«Det hjelper ikke med fine ord om man ikke har penger», seier Vidar Eltun, ordførar i Vang og leiar av Stamvegutvalet. Det har han heilt rett i. Det er verdt å merkje seg at medan Sp har sett av eigne midlar – til saman 2,1 milliardar – til Fagernes sør-Hande, har verken Ap eller Frp prioritert pengar til prosjektet. Vi veit at det ikkje er nok med fagre ord og lovnader, og det er svært skuffande at Ap, og ikkje minst Frp som seinast var på Fagernes i vinter, ikkje fann denne strekninga viktig nok til å prioritere pengar no.

Les også

Valdrisene er et skuffet folk nå!

Kommentarer til denne saken