Kva skjedde med våningshus og låve på Sørre Moen? – Vi har rive det forskriftsmessig, seier eigar Jan Ove Bredesen

I kommunestyremøtet i Øystre Slidre var det reist spørsmål om kvifor våningshuset og låven på Sørre Moen ikkje vart kverna opp til flis etter riving, men vart køyrd i ein stor haug i nærleiken av Heggenes. – Vi plukka bort alt slik som vi skulle, før vi reiv det, seier eigar Jan Ove Bredesen.