Under valkampen i fjor varsla partileiar Trygve Slagsvold Vedum at staten ville stoppe salet av Løken gard om partiet fekk regjeringsmakt. 19. oktober 2021 kunne nyutnemnd landbruks- og matminister Sandra Borch, også frå Sp, offisielt stadfeste at regjeringa snur 180 grader rundt. Garden, som i fjor overraskande vart lagt ut for sal til 7,3 millionar var dermed framleis statleg eigd. Arbeid i kulissane frå lokale Sp-politikarar hadde bore heilt fram til statsrådens bord.

No eitt år etter er framtida framleis uviss for garden. "Eg vil nå bruke tid saman med kommunen for å finne ei løysing som kan sikre hensiktsmessig eierskap og drift av garden framover», sa Borch for eit år sidan. Til avisa Valdres denne veka har ho – etter gjentekne førespurnader dei siste par vekene – uttala fylgjande: «Utgangspunktet er at staten ikkje har behov for å stå som eigar av eigedomen. Statleg eigarskap til bygningsmasse må ha ein klar grunn, og eg kan ikkje sjå at den lenger er til stades».

I fjor haust uttala Borch at ambisjonane er at Nasjonalt senter for fjellandbruk skal liggje på Løken gard. Løken gard var statleg forskingsgard frå 1918 til 2018. Her har det vore forska på gras, utmarksbeite, poteter, korn og så vidare. Eit nasjonalt senter for fjellandbruk på Løken gard vil kunne få ei svært viktig rolle, ikkje minst sett i lys av klimaendringane.

Berekraftige driftsformer for distriktsjordbruket, produksjon av poteter og andre grønsaker til fjells, og korleis ein best mogleg kan utnytte utmarksressursar på ein mest mogleg klimavenleg måte, er døme på forskingsprosjekt som ville vera viktig for å sikre og auke sjølvforsyningsgraden i eit Noreg der vêret blir villare, varmare og våtare.

Det var ei feil avgjerd då Nibio valde å leggje ned Løken gard som forskingsstasjon frå 1. januar 2021. Me treng meir, ikkje mindre, forsking på korleis norske ressursar kan brukast til å produsere meir. Vår meining er at Løken gard i dette perspektivet har ei framtid. Valdres har med sin varierte natur gode vilkår for forsking, og me treng eit nav for kompetansearbeidsplassar innanfor forsking. Etablering av eit nasjonalt senter for fjellandbruk er også nemnd i Hurdalsplattformen.

Men det krev midlar. Fire millionar er det søkt om over statsbudsjettet. Og her er det avgjerande at staten blir ein viktig bidragsytar. Å overlate den økonomiske finansieringa til kommunar og organisasjonar er ikkje nok til å få på beina og vidareutvikle eit forskingssenter. Det er totalt 26 bygningar på Løken gard, og berre vedlikehaldet av desse bygningane vil krevje store summar.